søndag 30. november 2014

Oversikt veke 47 - Snart jul, seier du????

Ho-Ho-Ho (Too soon?)


Planen min var å blogge på onsdag, men så gløymte eg det fullstendig då eg var travelt oppteken med å male vegg, sparkle vegg, vaske gulv og støvsuge huset. Sånn går det når ein bestemmer seg for å gjøre husarbeid.
Men eg fekk reist på sirkeltrening igjen, då. Om ikkje anna. Vekta er den samme som før. Som den sikkert kjem til å forbli på, kan det virke som. Men ja. Det er ingen grunn til å henge med leppa av den grunn.
Sirkeltrening, seier du. Og klør deg lett i hovudet. Ja. Sirkeltrening. Eg har skreve litt om kva det er for noko her: (Klikk her for link)
Så no har vi begynt der igjen. Eg og kona mi. Ho driv forresten med pynting av heimen til jul. Noko eg kanskje burde ha bidratt med, men av ein eller annan merkeleg grunn klarte eg å snike meg opp i andre etasje og ho har ikkje ropt på meg enda. Kanskje ho har gløymt at eg er her. Eller så er ho rasande fordi eg ikkje har hjulpe til med julepynten. Eg anar ikkje.
Kanskje det hadde vore interessant for dykk blogglesarar å sjå kva ho har gjort? Eg vel å ta sjansen på å luske meg ned i første etasje og sjå om eg klarar å ta nokre bilete. Om eg ikkje har skreve meir på bloggen min, så veit de kva som har skjedd. Kom forresten på at eg gløymde å legge ut bilete av meg sjøl i bar overkropp, samt å nevne vekta (94 kg). Så da gjør eg det.

Men ja. I dag har vi plukka pinne nede ved vatnet som no har blitt krølla inn med lampe, og pynta med julekuler. Julestjerna er på plass, og vi har plutselig fått masse røde puter i huset.





Her er julekalenderen min, som Ingrid har laga til meg. Håper den ikkje utelukkande består av potetgull, for då vil hjernen min eksplodere av glede.
Det kvite albumet er "The White Album" frå pop/rockegruppa The Beatles.

Men ja.

Eller kan eg fortelle at eg har vore på julebord (skreiv eg det tidlegare?), på jobbintervju og litt andre trivielle ting. Eg har til og med hengt ut med André Henden. Eller Andrè. Er litt usikker. Og så har tilbragt ein heil laurdag i ein sofa. Digg det og, for å være ærlig. Men ja. No gidd eg ikkje skrive meir, for eg skal spise middag! Yay!
Et bilde publisert av Frank Anders Borch-Åmot (@frankanders)

fredag 21. november 2014

Oversikt veke 46 - Ingen blogg på onsdag

Hu-hei!


Ein fast lesar hadde sikkert lagt merke til at det ikkje kom noko innlegg på slankebloggen min på onsdag. Men ingen har sagt noko. Merkeleg. Uansett. Eg har vore på reis. Derfor fekk eg ikkje blogga. På onsdag var eg i storbyen London (England, Storbritania), og surra rundt. Då gadd eg ikkje å blogge. Dessuten har badevekter i England eit anna system. Ikkje berre køyrer dei på feil side av vegen, men dei har sitt eige målesystem som ikkje gir meining i det heile. Dei opererer med pounds, stones og sikkert kjepp og (eg har ikkje sjekka). 

Uansett så er eg i Bodø akkurat no, og her har dei heller ikkje utstyrt hotellrommet med badevekt. Typisk. Men eg har sikkert lagt på meg, for eg har kosa meg masse i det siste! Det har blitt mange burgere, og eit par øl når eg har vore på konsert.
Eg har fått med meg 2 (!!) konserter med And You Will Know Us By The Trail Of Dead på 2 dager. Ny personleg rekord. Det blir da den 6 konserten eg har vore på med dei. Gøy.

Plata IX er no ute, og kan kjøpes der du kjøper plater.
Men ja. Eg veit ikkje vekta, eg har heller ikkje trena så mykje. Men eg har trakka rundt masse, da. Og så har eg reist masse. Eg har til og med vore i Tromsø. Ikkje småtterier.
Men ja. Eg beklager at eg nok ein gong tek ein snarveg i dagens blogginlegg, men eg skal prøve å skjerpe meg neste veke. Om det er greit.

onsdag 12. november 2014

Oversikt veke 45 - På reisefot

Hoppsannsa!

Eg gløymte å ta bilde/blogge i dag tidlig. Det har med jobb å gjøre. Evt at eg ikkje orka. Ein av to. Uansett. Det går som det suser om dagen. Eg vakna i Trondheim i dag tidlig, og no sit eg på eit hotell innpakka i ullsokker, pysj og kosegenser (takk til Merete for gaven) og blogger i siste liten før eg skal legge meg. Vekta aner eg ikkje kva er, men eg håper den er sånn ca nokonlunde det den plar være... Uten å kunne stadfeste dette 100%. 
Sjølv om eg nok ein gong har ete kake. Vart kake på søndag. Eg vart trass alt heile 34 år på tirsdag. Men då var eg i Trondheim. Så i stedet for å sitte aleine på eit hotellrom og trøkke i meg bløtkake aleine medan eg høyrte på Withney Huston, så var eg på eit koselig spisested som heitte Ramp Pub og Spiseri sammen med Thomas.
Det var koselig og alt det der, men sikkert ikkje sunt. Menmen. Ein kan ikkje alltid ta hensyn til slankeblogging heller. I allefall ikkje når ein har bursdag. 
Men ellers farter eg land og strand rundt i ein liten Mini Countryman.... Og ja. Det er jo gøy. 

Men no må eg legge meg. Sliten og trøtt. 

Har jogga i det minste.


onsdag 5. november 2014

Oversikt uke 44 - Mini Countryman

 Bombombom, bombombadilla life


Hei Sveis! Velkommen til min slankeblogg. I dag er det onsdag, og eg har ikkje peiling på kva eg veg. Det einaste eg kan love dykk er at eg sannsynlegvis er mindre enn 200 kg.
I dag vakna eg opp i Kristiansand. Ein by kjent for mykje rart, men ikkje for å ha badevekter på hotellromma sine. Så derfor veit eg ikkje vekta mi. No sit eg forresten på eit hotellrom i Stavanger. Ein flott by det og. Eg har nett vore nede på treningsrommet og jogga. Det må jo gi plusspoeng i slankebloggeboka, eller kva?
Kva ellers har eg gjort, tenker kanskje du... Og det kan eg jo alltids forklare. Eg har vore heime og styrt litt på med oppussing og sånn, og så har eg vore på jobb. Det er den korte versjonen. 
Den lange versjonen er at eg skal køyre rundt over det ganske land i denne bilen. Ein Mini Contryman. Kanskje eg skulle nytte høvet til å gi ei slags tilbakemelding/anmeldelse av bilen?
Nei... Det gidder eg ikkje. Men den er kul, da =) Sjøl om eg og produsentane av radioen har litt forskjellig oppfatning av ordet brukervennlighet. Korleis det er mogleg å lage ein bilradio så komplisert og lite logisk står for meg som like logisk som stortingsvalget 2013. WHAT WERE YOU THINKING? Eg brukte 30 minutter av min lunch på å forsøke å få dabradioen til å søke inn kanaler. Kvifor eg ikkje brukte FM? Fordi P13 er ein DAB+kanal. Uansett. Bildet under forklarer litt om brukervennligheten til bilradioen, og korleis den fungerer i praksis. 



Men no skal eg sette meg ned og sjå på tv. Eg ser på Kampen For Tilværelsen på NRK