Motivasjon

"Motivasjon er viktig" - Gammalt jungelord

(Klippa fra eit tidligere blogginlegg)
Når ein av og til møter slik utsikt når ein går tur er det lett å halde motet oppe
Når ein skal sette seg hårete mål, kan det være greit å ha noko å strekke seg etter. Du kan få sitere meg på det. Ofte er det lett å sige ned i sofaen, og det å måtte skifte klær, finne refleksvester, regnjakker ect kan være med på å gjøre det mindre fristende å komme seg ut.
Då er det greit å være fleire om å gå. Eg og kona motiverer kvarandre. Om ein ikkje er gift, eller har sambuar kan det være greit å alliere seg med ein venn. Ein kan jo då konkurrere om kven som er i best form, eller dykk kan ha interessante samtaler på vegen. Har du ingen venner, kan du jo begynne å interessere deg for foto, fugl, skjeldne bergarter eller andre ting som krever at du må bevege deg ut av døra for å få tilfredstillit dine interesser.
Det viktigste er å komme seg ut. I det du begynner å gå, er du (som oftest) ikkje trøtt lenger. Det pleier å være slik frisk luft påvirker meg.

Mange andre går på såkalla "treningsstudio" for å få motivasjon. Enten ved å bøye og tøye i takt, eller ved å stå på forskjellige apparat og svette medan man stirrer på andre som også gjør det. Det er motiverende for noko, men ikkje for alle. Ikkje for meg. Eg føler meg ikkje heilt vel på eit slikt studio. For det første er det eit samlingspunkt for folk eg forsøker å unngå å havne i samtale med. For det andre er det mange apparater eg ikkje heilt forstår korleis eg skal bruke. Og den einaste måten å finne det ut på er å stå og vente til nokon andre tar apparatet i bruk, og då vert ein ofte oppfatta som litt tvilsom. Når ein står der og stirrer på folk som bøyer seg framover.
Eg er klar over at dei fleste helsestudio også er utstyrt med såkalla personlege trenarar som har som yrke å motivere til trening. Dette er folk som ser veldig bra ut, og som pleier å seie ting som "Så bra! Dette klarer du! Stå på! Rett opp ryggen!". Av og til held dei såkalla spinningkurs. Då spelar dei pulserande tecnomusikk medan dei trampar laus på ein sykkel og skrik motiverande utsagn til deg. Hadde det ikkje vore for at eg misliker musikken dei spelar, så kunne eg sikkert ha funne dette motiverende. Uansett... Ein kan sikkert spørre ein PT (personleg trenar) om korleis ein bruker forskjellige apparat, men då ser alle andre på treningssenteret at du ikkje veit korleis du skal bruke dei. Så da er det berre å halde seg til dei apparata man kan, og så prøve å snike til seg kunnskap av dei andre uten at dei oppdager at du stirrer.

MEN. uansett. Eg liker ikkje treningsstudio, så eg treng kanskje ikkje å snakke meir om det. Men om du er ein av dei som likar det, kan du jo for all del prøve.

Eg har i et tidligere nevnt at ein APP kan være motiverende.
Sjølv bruker eg Endomondo. Det tykkjer eg er motiverande. Her kan du legge inn faste ruter og bruke Endomondo til å konkurrere mot deg sjøl. Du kan få opp detaljerte oversikter over kvar du har vore, kor aktiv du har vore og har du pulsbelte tilkopla telefonen så får du opp diagrammer over pulsen din som du kan bruke til å kalkulere treningen din.
For et par år siden var eg meget aktiv på sykkel. Då sykla eg om kapp med meg sjølv rundt Jølstravatnet.
For å sjå korleis ei oversikt over ein sykkeltur ser ut, kan du klikke her. Denne turen kjem eg til å ta igjen så snart våren kjem. I løpet av året skal eg klare å slå tiden eg hadde. Det er målet. HAH! Eg har satt meg eit mål! Og det er jo viktig når ein skal motivere seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar