onsdag 26. mars 2014

Resultat veke 12: Ei lita endring

Hei sveis!

Ei ny veke, og nok ein gong lyt eg atter ein gong stige opp på vekta. 
Eg kan melde om at den har lura seg opp på 94 kg igjen.
Eg vel å legge all skuld på den internasjonale vaffeldagen, og benekter all straffeskyld i saka. 

Uansett har ikkje formen vore heilt på topp den siste veka, då eg har vore plaga med lett feber.

MEN: No er planen å bli frisk (som ein fisk) igjen, slik at eg kan få litt muskler på kroppen...

Koz og bloggeklemz frå meg!




onsdag 19. mars 2014

Resultat veke 11: 93,5 kg, og litt støle muskler

Góðan dag, allir!

Siden eg ikkje kan skryte av meir enn ca 500 gram vekttap sia førre veke, lyt eg ty til det gode gamle "sett inn eit bilde frå første veka saman med eit bilde tatt i dag"-trikset. 

Eg må berre beklage at eg ikkje har noko bedre bilde frå første i første, men det er vanskeleg for meg å gå tilbake i tid for å ta eit nytt. Evt så kan eg la kroppen forfalle igjen, og begynne på nytt. Mulig eg skal ta det neste år, siden eg no har komme sånn halvvegs i gong. 

Men ja.....
På sirkeltreninga har det komme mange nye øvelser, og det tykkjer eg er kjekt. 
Det er ein fin måte å trene på, merker eg.... Og det ser ut til å fenge fleire. Folk i alle aldersgrupper deltar på Skei, og det ser ut som om fleire enn meg tykkjer det er kjekt å gå der. 
Om du sit der og tenker "Kva i alle dagar ER eigentleg sirkeltrening", kan du enten Google det, eller lese mitt foredrag om det HER.

Elles kan dykk sitere på meg på følgande:

- Det verste med å drive med slankeblogging er ikkje å klare å gå ned i vekt, men å måtte ta bilder av seg sjøl i dårleg belysning på badet kvar onsdag

onsdag 12. mars 2014

Resultat veke 10: 94 kg!



Eg forsov meg litt i dag tidlig, så eg rakk ikkje å rydde badet før eg tok bildet. Ingrid har tatt seg en liten ferie, så eg og Jostein Gabriel (hunden) har "heime aleine-fest" heile veka, og vi forsøker så godt vi kan å leve så rotete vi kan dei dagene vi har sjansen.
Men ja. "Korleis går det med slankefrankprosjektet", seier du kanskje, medan du stirar tomt inn i pc-skjermen…..
Jau, det skal eg fortelje deg: Heile 1 kg har eg gått ned sidan sist. Dette 94 kg tunge maskineriet av en forfallen mannekropp har klart å slite av seg enda ein kg, sjølv med luksusmat og kos i helga!
Eg held framleis same rutinane som før, men eg skaffa meg eit nytt treningsprodukt på laurdag. Nemleg ein manual. Evt ein Combell, som G-sport vel å kalle det.


Dette nyttar eg til å gi meg sjølv litt ekstra motstand når eg tek situps. Eg går ut i frå at eg kan bruke det til andre ting og. Eg meiner bestemt å kunne kjenne at eg vart både sterkare og sprekare då eg gjekk rundt med dette i butikken på laurdag.


Elles er det lite nytt å melde. Går framleis på sirkeltrening så ofte eg kan (det er maks 2 gongar i veka, må vite) og vi går framleis tur med hunden kvar dag.
Ach! Ja. Sjølvsagt. Eg reagerte litt på at eg vart veldig fort svimmel og slapp når eg trena. Eg var hos legen og har fått analysert dette, og eg fekk vite at eg hadde ganske lite jern i kroppen. Så no et eg brokkoli og det som verre er. Eg tek dessutan jerntablettar for å få livet på rett kjøl igjen. Dette ser ut til å virke. Kvifor eg hadde lite jern i kroppen anar eg ikkje, og kvifor eg fortel dykk om dette er og eit mysterium. Men uansett så har eg fått det dokumentert av lege, og då tykkjer eg at lyt ta det med i bloggen.


onsdag 5. mars 2014

Resultat veke 9 - Franks slankefjas

Hei, og hjarteleg velkomne til min slankeblogg veke 9.

Framleis lite å melde, sia vekta er den same som sist. Då har eg vore 95 kg i 3 veker. Samtidig har eg trena litt meir musklar i beina, noko som eg nyttar som unnskyldning for å ikkje ha gått ned ytterlegare i vekt.
Duckface