onsdag 12. mars 2014

Resultat veke 10: 94 kg!



Eg forsov meg litt i dag tidlig, så eg rakk ikkje å rydde badet før eg tok bildet. Ingrid har tatt seg en liten ferie, så eg og Jostein Gabriel (hunden) har "heime aleine-fest" heile veka, og vi forsøker så godt vi kan å leve så rotete vi kan dei dagene vi har sjansen.
Men ja. "Korleis går det med slankefrankprosjektet", seier du kanskje, medan du stirar tomt inn i pc-skjermen…..
Jau, det skal eg fortelje deg: Heile 1 kg har eg gått ned sidan sist. Dette 94 kg tunge maskineriet av en forfallen mannekropp har klart å slite av seg enda ein kg, sjølv med luksusmat og kos i helga!
Eg held framleis same rutinane som før, men eg skaffa meg eit nytt treningsprodukt på laurdag. Nemleg ein manual. Evt ein Combell, som G-sport vel å kalle det.


Dette nyttar eg til å gi meg sjølv litt ekstra motstand når eg tek situps. Eg går ut i frå at eg kan bruke det til andre ting og. Eg meiner bestemt å kunne kjenne at eg vart både sterkare og sprekare då eg gjekk rundt med dette i butikken på laurdag.


Elles er det lite nytt å melde. Går framleis på sirkeltrening så ofte eg kan (det er maks 2 gongar i veka, må vite) og vi går framleis tur med hunden kvar dag.
Ach! Ja. Sjølvsagt. Eg reagerte litt på at eg vart veldig fort svimmel og slapp når eg trena. Eg var hos legen og har fått analysert dette, og eg fekk vite at eg hadde ganske lite jern i kroppen. Så no et eg brokkoli og det som verre er. Eg tek dessutan jerntablettar for å få livet på rett kjøl igjen. Dette ser ut til å virke. Kvifor eg hadde lite jern i kroppen anar eg ikkje, og kvifor eg fortel dykk om dette er og eit mysterium. Men uansett så har eg fått det dokumentert av lege, og då tykkjer eg at lyt ta det med i bloggen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar