tirsdag 28. januar 2014

Resultat etter fire veker: 97 kg!

Sjolahopp alle sammen!


Ja. Då er tida her då det er på tide å rapportere resultatet etter endt veke. Eg innser at eg kanskje er ein dag for tidlig ute, men eg satser på at vekta er lik i morgon tidlig.

Men ja! Eg starta året med 104,5 kg. No viser vekta 97 kg!
Eg har då gått ned 7,5 kg på fire veker. Eg meiner det er eit steg i riktig retning. Spesielt siden eg hadde satt meg som mål å gå ned i vekt.


Eg ser kanskje litt tynnere ut også. Det dumme er at eg ikkje tok dårlege selfies av meg sjølv frå sida då eg starta. Men eg kan jo byrje å gjøre det no. Kanskje eg skal begynne å ta pushups også, slik at eg får litt muskler i tillegg. Det er sikert ikkje dumt.

Uansett.Eg fortsetter med å spise sunnere, gå tur og å ta situps. Det ser ut som om det funker.

torsdag 23. januar 2014

Snikreklame for Active Stand


For eit par veker siden slang sjefen min inn et brett til meg og sa "dette kan du prøve". Det var eit produkt som heiter Active Stand. Det er i bunn og grunn ei plastplate som man står på. Konseptet er at det skal visstnok være sunt å stå på denne og balansere i stedet for å stå på et flatt gulv (eller å sitte).

Prøv den

Eg har no brukt dette siden den gang, og veksla litt mellom å stå på dette og å sitte. Eg har merka at eg har fått ein bedre holdning i ryggen, og at leggmuskulaturen har blitt strammere.
Om eg har fått finere rumpe veit eg ikkje, men eg håper jo naturligvis at dette og er ein del av pakka.

I fleire dager har eg stått på denne plata uten å sette meg ned (utenom når eg har hatt lunsh), og det virker som det fungerer.

Eg merker i alle fall at ryggen har det bedre. Det KAN være kombinert med at eg tar 100 situps kvar einaste dag, men det veit eg ikkje.

Uansett. Om du vil kjøpe eit slikt brett av meg så forhandler vi det på arbeidsplassen min. Send meg ein mail på frank@hukset.no så kan eg sikkert få ordna ei bestilling.

Men ja. Det var litt snikreklame.

Om du vil lese meir om produktet så kan du gå inn på http://www.activestand.no/

onsdag 22. januar 2014

Resultat veke 3.

Hei sveis!

Trøtt i trynet
Då har det gått tre veker.
Vekta er framleis stabil på 99 kg, men eg har ikkje gitt opp. Eg er klar over at det kjem til å gå et par veker før eg går ytterligere ned. Ellers har eg det kjempebra.
Står mykje på jobb, og har med unntak av 2 dager gått ein lang tur på ca ein time kvar dag denne mnd.

Har det bra på jobb, og spiser variert. Men no er eg så trøtt at eg stuper snart.

Kjem sikkert til å detaljblogge litt meir seinare.

onsdag 15. januar 2014

Resultat veke to:

99 kg, og litt småtrøtt i trynet. Men håret er upåklageleg. #selfie
Hei igjen, kjære lesarar! Det er faktisk ein del av dykk, noko som overrasker meg litt.
Det har no gått to veker, og det på tide å fortelje litt korleis det går. "Og korleis går det?" tenker du sikkert, og det skal eg svare på no.
Det går veldig bra. Eg og kona har vore veldig flinke til å gå turer. Lange turer uansett vær og vind. Dei siste dagane har vi vore særs heldige. Været har gått fra ca 8 plussgrader til -12, og månelyset sammen med nysnø har vore et fantastisk syn.
Bilde tatt på Ålhus i Jølster 15.01.2014
Vekta har havna på 99 kg. Det er berre 1,5 kg ned frå forrige veke (om eg ikkje husker feil), men eg er ikkje motløs. Eg bygger ein del muskler for tiden, så det er naturlig at vekta vil ligge ein periode på rundt 99 kg før den vil gå ned videre.
Uansett så er eg i veldig bra form for tida. Eg har kjøpt fleire nye klesplagg i str L (eg pleier å bruke XL), noko som OG er med på å motivere meg til å fortsette.
Her tenkte eg at eg skulle vise fram den nye "anorakken" min, medan Jostein Gabriel fann ut at han rett og slett berre skulle posere. 

Uansett. Eg kjører fortsatt løpet fullt ut. Spiser knekkebrød, yoghurt med nøtter og rugbrød til frukost og lunch, og Ingrid har diska opp med dei nydeligste (men sunne) middager.
Eg har gått flotte fjellturer, tatt masse bilder og ellers hatt det veldig fint. Det å stå opp om morgonen går lett som ein draum, og eg kjenner at eg har overskudd som berre det.

Til slutt legg eg inn eit par bilder eg har tatt når eg har vore på tur.
Årdalen 14.01.2014

På veg til Helgheimsstøylen søndag 12.01.2014







fredag 10. januar 2014

Motivasjon

"Motivasjon er viktig" - Gammalt jungelord

Når ein av og til møter slik utsikt når ein går tur er det lett å halde motet oppe
Når ein skal sette seg hårete mål, kan det være greit å ha noko å strekke seg etter. Du kan få sitere meg på det. Ofte er det lett å sige ned i sofaen, og det å måtte skifte klær, finne refleksvester, regnjakker ect kan være med på å gjøre det mindre fristende å komme seg ut.
Då er det greit å være fleire om å gå. Eg og kona motiverer kvarandre. Om ein ikkje er gift, eller har sambuar kan det være greit å alliere seg med ein venn. Ein kan jo då konkurrere om kven som er i best form, eller dykk kan ha interessante samtaler på vegen. Har du ingen venner, kan du jo begynne å interessere deg for foto, fugl, skjeldne bergarter eller andre ting som krever at du må bevege deg ut av døra for å få tilfredstillit dine interesser.
Det viktigste er å komme seg ut. I det du begynner å gå, er du (som oftest) ikkje trøtt lenger. Det pleier å være slik frisk luft påvirker meg.

Mange andre går på såkalla "treningsstudio" for å få motivasjon. Enten ved å bøye og tøye i takt, eller ved å stå på forskjellige apparat og svette medan man stirrer på andre som også gjør det. Det er motiverende for noko, men ikkje for alle. Ikkje for meg. Eg føler meg ikkje heilt vel på eit slikt studio. For det første er det eit samlingspunkt for folk eg forsøker å unngå å havne i samtale med. For det andre er det mange apparater eg ikkje heilt forstår korleis eg skal bruke. Og den einaste måten å finne det ut på er å stå og vente til nokon andre tar apparatet i bruk, og då vert ein ofte oppfatta som litt tvilsom. Når ein står der og stirrer på folk som bøyer seg framover.
Eg er klar over at dei fleste helsestudio også er utstyrt med såkalla personlege trenarar som har som yrke å motivere til trening. Dette er folk som ser veldig bra ut, og som pleier å seie ting som "Så bra! Dette klarer du! Stå på! Rett opp ryggen!". Av og til held dei såkalla spinningkurs. Då spelar dei pulserande tecnomusikk medan dei trampar laus på ein sykkel og skrik motiverande utsagn til deg. Hadde det ikkje vore for at eg misliker musikken dei spelar, så kunne eg sikkert ha funne dette motiverende. Uansett... Ein kan sikkert spørre ein PT (personleg trenar) om korleis ein bruker forskjellige apparat, men då ser alle andre på treningssenteret at du ikkje veit korleis du skal bruke dei. Så da er det berre å halde seg til dei apparata man kan, og så prøve å snike til seg kunnskap av dei andre uten at dei oppdager at du stirrer.

MEN. uansett. Eg liker ikkje treningsstudio, så eg treng kanskje ikkje å snakke meir om det. Men om du er ein av dei som likar det, kan du jo for all del prøve.

Eg har i et tidligere nevnt at ein APP kan være motiverende.
Sjølv bruker eg Endomondo. Det tykkjer eg er motiverande. Her kan du legge inn faste ruter og bruke Endomondo til å konkurrere mot deg sjøl. Du kan få opp detaljerte oversikter over kvar du har vore, kor aktiv du har vore og har du pulsbelte tilkopla telefonen så får du opp diagrammer over pulsen din som du kan bruke til å kalkulere treningen din.
For et par år siden var eg meget aktiv på sykkel. Då sykla eg om kapp med meg sjølv rundt Jølstravatnet.

Om eg har klart å trykke riktig her no, så skal du kunne sjå ei oversikt over ein tur eg hadde for lenge siden. OM det ikkje fungerer, så kan du trykke her. Denne turen kjem eg til å ta igjen så snart våren kjem. I løpet av året skal eg klare å slå tiden eg hadde. Det er målet. HAH! Eg har satt meg eit mål! Og det er jo viktig når ein skal motivere seg.

Uansett. No har eg skreve så mykje at eg har forsømt det faktum at eg burde kle på meg yttertøy og komme meg på tur.

Koz og klemz! 

onsdag 8. januar 2014

Resultat etter første veke!

Sjo-bing!


Eg aner ikkje kvifor eg hadde utropstegn etter overskrifta denne gangen. Eg har på sett og vis forplikta meg til å poste ei slags resultatliste uansett, så nokon stor overrasking kan det ikkje være.

Men ja. Eg har vore relativt flink. Eg har tatt massevis av situps, og eg har gått lange turer. Eg har spist til fornuftige klokkeslett, og eg har nesten vore flink til å spise mindre porsjoner. Det at eg har fått ein 8 til 4-jobb har OG gjort det enklere for meg å opprettholde rutinene.

MEN: Har eg merka noko på kroppen?

For å sitere ein av verdas mest pinlige reklamer: "Svaret er: YES!"


  1.  Smertene eg hadde i magen etter situpsene har avtatt. Eg kjenner at ryggen har blitt sterkere, og at eg har retta meg litt opp når eg går/sitter. 
  2. Eg har gått ned 4 kg siden forrige onsdag. Eg vegde meg første gongen rett etter at eg hadde spist frukost, men eg vel å tru at eg ikkje spiste 4 kg mat (sjøl om det var dagen etter nyttårsafta)
  3. Eg er generelt i bedre form enn vanlig, noko som er bra. 

Ellers er det ikkje så mykje nytt å melde. 
Eg testa ein sånn på jobb i dag. Kva er "ein sånn" spør du kanskje? Jo. 
Det er ei sånn fjøl. Så eg har stått i heile dag på jobb. Eg får teste den nokre dager til, og heller melde om den har ein funksjon. Uansett. 


tirsdag 7. januar 2014

Liten oppdatering

Hei og hå, alle sammen!





Onsdag har det gått ei veke siden eg begynte dette prosjektet. Det er då eg tenkte å legge ut vekta. 
Eg har så langt klart følgande mål:

  1. Spise litt sunnere enn vanlig (knekkebrød til lunch og greier)
  2. Gå ein tur på minimum ein time kvar dag saman med kona og Jostein Gabriel (bildene er frå desse turane)
  3. Økt fra 30 situps om morgonen (og kvelden) til 50
  4. Kutta ut småspising av ymse (og diverse)
  5. Spist regelmessig, og ikkje for seint på kvelden. 

Uansett. Neste innlegg kjem kanskje allerede i morgon. 

fredag 3. januar 2014

Om å slanke seg:

Hei igjen!


Då eg verken er ernæringsfysiolog eller dyrlege så er det sikkert mange som lurer på kva eg veit om slanking, og korleis eg kan påstå at dette er enkelt.
Eg meiner det går mykje på innstilling. Du må tørre å satse, og du må av og til være sterk. Men det er ikkje så vanskeleg som du trur. Faktisk så er det dei små tingene som teller. Den lille sjokoladebiten du unner deg til kaffien, den lille chipsposen du slafser i deg når du ser film, den ekstra osteskiven eller kaffe-latten med krem du unner deg i ny og ne. Alt handler om å ta ting med måte. Samtidig så er det dei lille tingene du gjør kvar dag som utgjør kor mykje av det du får i deg du faktisk klarer å forbrenne.

Det kan være lurt å begynne i det små. Som å ta trappa i stedet for heisen, gå i stedet for å kjøre (der dette lar seg gjøre), ta situps/pushups både morgon og kveld og kanskje gå en ekstra lang tur kvar dag. I mitt tilfelle går eg den sammen med kona og hunden. Er du singel, kan du jo velge å gå tur med favorittmusikken din, eller en podcast fra et program du liker. Har du en smarttelefon kan ein app som Endomondo være både motiverende og underholdende. Her kan du konkurrere mot deg sjøl, noko som gjør både skiturer, gåturer, sykling og det som verre er til ein leik.

Det viktigste er at du er bevisst på å ha et fornuftig kosthold, og at du beveger deg.
OG at du faktisk har et reelt behov for å slanke deg.

Å gå ned i vekt....

Det er mange som fokuserer veldig mykje på vekta, og mister motet pga den. Husk at muskler veg meir enn fett, og det er ganske vanlig at man går opp i vekt når man begynner å trene på grunn av at man begynner å bygge muskler.
Eg kjem derfor ikkje til å poste regelmessige opplysninger om vekta mi, då den kan variere veldig mykje frå dag til dag.

Men kva gjør eg????

Eg har begynt det nye året med å spise litt mindre porsjoner av ting. Eg har samtidig begynt i ein ny jobb (8-16), og eg har derfor fått meir struktur på når eg spiser. Eg prøver å spise kvelds rundt klokken 9 om kvelden, slik at eg ikkje er stappmett når eg legg meg. Eg styrer unna snacks, og eg drikk mindre melk.
Husk at sjølv om det er godt med et glass melk til skiva, treng ein ikkje å drikke meir enn ett. Då er det bedre å gå over på vatn, om man framleis er tørst.
Juice unner eg meg i ny og ne. Men eg drikk ikkje det som tørstedrikk.

Og så starter eg dagen med 30 situps på eit sånn derre situps-stativ som eg har. Det samme gjør eg før eg legg meg. No har eg så vondt i magen at eg stønner som ein moskus i brunst berre eg vurderer å bøye meg ned, men eg satser på at det går over når musklene i magen har fått stabilisert seg.
Korleis klarer eg å gjennomføre situpsene då, tenker du kanskje? Vel. Eg stønner meg gjennom dei no.
I neste veke skal eg prøve å auke antallet til 50.

Dessuten går eg lange turer sammen med kona og Jostein Gabriel. Det er både koselig, sosialt og det helper på.


Men då har eg gjort meg fortjent til ein kvelds og nokre timer på sofaen!

Husk Sherlock i kveld da, folkens!

onsdag 1. januar 2014

Årets (2014) slankeblogg er her!

Hei!

Selfie av meg sjøl. Heile 104 kg tung (etter ein heavy nyttårsmiddag og tilsvarande frukost)
   

Mitt navn er Frank, og eg tenkte at eg skulle i år (2014, som sagt) starte med blogging.
Eg har blogga før, det er ikkje det. Faktisk så har eg både blogga og tatt selfies før nokon av orda eksisterte i ordboka, men det er ei anna historie.
Uansett: Eg har ikkje blogga om temaet slanking før, men det var akkurat dette eg tenkte å gjøre i denne bloggen her. Derfor valgte eg navnet "Franks slankeblogg" som tittel på driten, og adressa slankefrank.blogspot.com.

Så kva skal eg skrive om her? JO! No skal du høyre. Målet med bloggen er å vise kor ufatteleg enkelt det kan være å gå ned i vekt. Eg kjem til å komme med nokre tips undervegs, og eg lyt då sjølvsagt dokumentere at aktivitetane eg skal foreta meg faktisk fungerer.

Og siden vi skriv januar 2014 på kalenderen i dette øyeblikk passer det bra å starte med ein slankeblogg!
Eg har i desember opplevd smertene ein kan bli påført når blindtarmen bestemmer seg for å begynne å krangle, og eg hadde då nokre veker då eg var sterkt knytta til sofaen. Dette, kombinert med eit usunt (i dobbel forstand) forhold til potetgull la grunnlaget for formen eg hadde då jula satte i sving.
Då eg er såpass heldig at eg har ei kone som brillierer på kjøkkenet, er dette også noko som har vore med på å skape grunnlaget for dette prosjektet.

Så:
Dag 1 (1 januar 2014)
I dag har eg starta dagen med å innta ein svær frukost.
Så har eg oppretta denne bloggen, OG eg har tatt 30 situps.
Det kan være ein grei måte å avslutte, samt å starte dagen på. Med situps, altså.
2 x 15. Eg skulle eigentleg ta 15 til, men så måtte eg hjelpe Ingrid med oppvasken.

SÅ har eg lagt følgande mål for dagen: Lufte hunden. Eg og kona skal gå ein tur på ca ein time sammen med vår firbeinte venn. Det kan være greit å ha ein hund når ein skal gå ned i vekt, men det er ikkje eit krav.

Eg lover ikkje at eg kjem til å blogge i morgon. Faktisk kan det ta ei heil veke før neste innlegg. For å være ærlig så veit eg ikkje kva frekvensen kjem til å være, men eg kjem i det minste til å oppdatere bloggen. Det lover eg.