onsdag 1. januar 2014

Årets (2014) slankeblogg er her!

Hei!

Selfie av meg sjøl. Heile 104 kg tung (etter ein heavy nyttårsmiddag og tilsvarande frukost)
   

Mitt navn er Frank, og eg tenkte at eg skulle i år (2014, som sagt) starte med blogging.
Eg har blogga før, det er ikkje det. Faktisk så har eg både blogga og tatt selfies før nokon av orda eksisterte i ordboka, men det er ei anna historie.
Uansett: Eg har ikkje blogga om temaet slanking før, men det var akkurat dette eg tenkte å gjøre i denne bloggen her. Derfor valgte eg navnet "Franks slankeblogg" som tittel på driten, og adressa slankefrank.blogspot.com.

Så kva skal eg skrive om her? JO! No skal du høyre. Målet med bloggen er å vise kor ufatteleg enkelt det kan være å gå ned i vekt. Eg kjem til å komme med nokre tips undervegs, og eg lyt då sjølvsagt dokumentere at aktivitetane eg skal foreta meg faktisk fungerer.

Og siden vi skriv januar 2014 på kalenderen i dette øyeblikk passer det bra å starte med ein slankeblogg!
Eg har i desember opplevd smertene ein kan bli påført når blindtarmen bestemmer seg for å begynne å krangle, og eg hadde då nokre veker då eg var sterkt knytta til sofaen. Dette, kombinert med eit usunt (i dobbel forstand) forhold til potetgull la grunnlaget for formen eg hadde då jula satte i sving.
Då eg er såpass heldig at eg har ei kone som brillierer på kjøkkenet, er dette også noko som har vore med på å skape grunnlaget for dette prosjektet.

Så:
Dag 1 (1 januar 2014)
I dag har eg starta dagen med å innta ein svær frukost.
Så har eg oppretta denne bloggen, OG eg har tatt 30 situps.
Det kan være ein grei måte å avslutte, samt å starte dagen på. Med situps, altså.
2 x 15. Eg skulle eigentleg ta 15 til, men så måtte eg hjelpe Ingrid med oppvasken.

SÅ har eg lagt følgande mål for dagen: Lufte hunden. Eg og kona skal gå ein tur på ca ein time sammen med vår firbeinte venn. Det kan være greit å ha ein hund når ein skal gå ned i vekt, men det er ikkje eit krav.

Eg lover ikkje at eg kjem til å blogge i morgon. Faktisk kan det ta ei heil veke før neste innlegg. For å være ærlig så veit eg ikkje kva frekvensen kjem til å være, men eg kjem i det minste til å oppdatere bloggen. Det lover eg.

3 kommentarer:

  1. Du herlige sønnen min, dette klarer du! Men vær grei ikke la slankingen(galskapen) ta overhånd, så la no det være igjen noe på beina(knoklene) dine når dette året er omme, please :)

    SvarSlett
  2. Knall bra Frank;)! Skal følge bloggen din mot målet!;)

    SvarSlett
  3. Durdei spør:Når tid ser vi deg igjen her da?


    SvarSlett