onsdag 30. april 2014

Resultat veke 17: Nya brallor , fortsatt ikkje rota fram sykkelen

God morgon lesarar!

Noko gjekk gale då eg valgte "juster automatisk" på dette bildet. Eg har IKKJE bleika tennene. 
Det var voldsomt så vanskeleg det var å komme under 93 kg! For det er der vekta er igjen. 93 kg. Det har den jo vore nokre veker månedar no. Om dykk går tilbake i tid, så har eg i eit av mine første innlegg skreve at vekta kom til å stagnere ei stund og at eg ikkje skulle la dette gå nevneverdig inn på meg.

Eg hadde jo forsåvidt rett i det. Vekta har sånn delvis (+/- 1 kg) stagnert, og eg har ikkje latt det gå inn på meg.

Men kva kan ein skrive om når vekta har bestemt seg for å bli der den er for å motivere dykk stakkarar der ute som nyttar min blogg til å finne motivasjon og styrke til å fortsette?
Jau! Eg kan fortelje om då eg var i Bergen for å kjøpe meg ny bukse!

Det har seg slik at min kjære niese Julie hadde bursdag i helga, og det måtte feirast med brask og bram. Evt Brask og Bram, som eg burde skrive då utrykket eigentleg er dansk og omhandlar to menn som var glade i å feste.

Uansett så tykte eg at det var på sin plass å stille i brand new pants då eg skulle delta i slikt eit arrangement, så eg gjekk til min faste leverandør av brallor (http://www.brandstad.no) og fortalte at eg skulle prøve nokre bukser i størrelse 36.
Då oppdaga eg at dei var alt for store. Alle sammen. Så då gjekk vi ned til str 34. Dei passa heller ikkje. Så då vart det størrelse 33. 33! Eg har gått ned 2 buksestørrelser! Bungalow(!), som dei seier i finare villastrøk.


Ellers er det megaflott vær i Jølster for tida, sjølv om det i dag har blitt litt kaldare i lufta.
Men milde månemann så flott det er å gå tur på husstøylen!


Ellers har eg bedreve tida med å forsøke forskjellige frisyrer på badet og sjå kor kleint det kan være. Eg har funne ut at det kan bli sånn passe kleint, og håper ikkje nokon nytter desse bileta mot meg i framtida.

onsdag 23. april 2014

Resultat veke 16 - The aftermath!

Ok, ok... Eg innrømmer det...


Overskrifta "the aftermath" var kanskje skreve for å skape litt kontrovers. Det er trass alt ikkje slik at eg har levd som ein romersk hersker i påska, men for all del. Det har blitt ein del snop.

Noko av det beste med å slanke seg på den måten eg gjør det på er at slike veker med 24/7 herjinger ikkje får store konsekvenser på kroppen, siden eg framleis held meg i bevegelse og held mine faste rutiner.
Vekta? 94 kg igjen. Den var oppe og snuste på 95 i helga, men den er på rett veg igjen.


Så kva no? No er det snart sykkelsesong. Satser på å få i gang sykkelen i løpet av neste veke. Må skifte dekk på den (det gruer eg meg litt til), og så burde eg levere den inn til ein sportsbutikk for å få den "shina" og klar til våren. 

Ellers har våren komme, og eg har allerede blitt solbrent!
Første sikre vårtegn er at bøndene i nabolaget byrjar å spraye ned bøen med kumøkk. Herlig. Det er liksom eit par minutter med glede over den vakre solnedgangen før lukta av Kahns Vrede trenger seg inn i nasen din og minner deg på at det trass alt ikkje er så ille med giftlokk i Bergen på vinteren. 

Men heldigvis er våren snart over, og sommeren kjem. 

No er friminuttet snart over, og eg må på kurs igjen (eg er på kurs på jobben)!

Vi snakkes bloggen!!!!!


mandag 21. april 2014

Franks slankeblogg - Påskespesial 2014

Påskespesial 2014


Bilete: Frank baker
Når ein har gjester på besøk er det ikkje fritt for at ein lyt bake når ein oppdagar at ein ikkje har brød om morgonen...

Kjære lesarar. Ja, eg veit... Det vert færre og færre av dykk for tida, men eg reknar med den harde kjerne på rundt 60 stk ikkje vil svikte meg denne gongen heller. 
Kvifor påskespeisal, undrar du kanskje? Og jo. Det er fordi påska kan være utfordrande for den som driv med slankeblogging. 
I påska skal ein stappe i seg både det eine og det andre, men samtidig så er det viktig å balansere dette med skiturer og påfølgande skryting av nevnte aktiviteter på sosiale medier som Facebook, Instagram, Tinder og liknande. 
Eg skal innrømme at eg har i år, som året før delt broderlig mine opplevingar frå påska på Facebook (https://www.facebook.com/media/set/?set=a.10151971593071601.1073741838.686081600&type=1&l=aeb561ad75), og eg skammar meg heller ikkje over det. 


Men det som eg tenkte å ta opp er jo effekten alle desse aktivitetane har på kroppen. Man trener jo ofte mykje i påska når ein går tur, men samtidig så sørger ein jo for å helle innpå ei flaske vin i ny og ne, samtidig som man reiser på fleire festlege aktiviteter saman med venner man ser 2-4 gonger i året. Alkohol og slanking høyrer ofte dårleg saman, siden inntak av alkohol ofte fører til ei ukritisk tilføring av nøtter, sjokolade, chips, smågodt og kebab. 
Det var derfor ingen overrasking at vekta i dag viste heile 95 kg igjen! Ein heil kg meir enn veka før. 
Samtidig tykkjer eg det er greit. Det skal være slik. Ein skal ikkje fråtse som ein komodovaran i ei heil veke uten at ein vert straffa for det. Så enkelt er det. 
Eg ser heller ikkje på det som ei straff. Og det er viktig å ha ei slik instilling når ein skal gå ned i vekt. 
Man BØR unne seg å leve litt i ny og ne, ellers vert ein einspora. Folk som berre er opptatt av vekt og slanking er ikkje så hyggelege å være sosiale med. Eg held ikkje foredrag om slanking når eg møter vener og kjente på byen. Eg dømmer heller ikkje andre for deira livsstil, og prøver heller ikkje å verve dei til min okkulte sekt  Crossfitnesscardiopumpcycling. Eg berre bloggar om det. Så held eg stort sett kjeft om det resten av veka. 

Påska i år

Helgheimsdalen påska 2014

Men ja.
Kva var eigentleg poenget med dette blogginlegget, tenker du sikkert? Eg aner ikkje. 
Men for nokre år siden (la oss seie i 1996/1997) så var DETTE utsikten eg hadde i påska:
Tidene har forandra seg. Eg vil forøvrig ikkje anbefale å delta på The Gathering når ein skal slanke seg. Det har på ein eller ein annan måte ei negativ effekt på både kropp og sjel. Aner ikkje om det er pga mangel av søvn, dårleg kosthold eller rett og slett fordi man sitter på ræva ei heil veke i strekk, men uten å ha ei legeutdanning i ryggen trur eg at det kan være kombinasjonen som er utslagsgjevande. 

Uansett: Påska i år har vore heilt fantastisk! Vi har kosa oss glugg. Været har vore kjempeflott, og vi har både kunna ha gått på ski, og vandra rundt i shorts med ein dags mellomrom. Vi har dessuten hatt besøk av flotte folk, spist nydeleg pinnekjøtt og bada i stamp. 

Siden eg for lengst har mista den raude tråden i dette innlegget skal eg avslutte med å sette inn eit par bilder frå påska. Ha det bra, bloggen!!!



onsdag 16. april 2014

Status veke 15 - (teller ein halv kg?)

Velkommen til veke 15 i Franks Slankeblogg!
Kluss med lys og farger på badet

Kvar skal ein starte i dag? Jo! Eg kan ta vekta først, så slepp dykk å vente i spenning. Det må være kjedeleg å lese masse fjas og fanteri før dykk får vite det som de eigentleg klikka inn for å lese. Apropos det... I helga var eg på fest og møtte fleire av mine lesarar. Det viser seg for at det er ganske mange som faktisk les det eg skriv. For å være ærlig så vart eg litt overraska av dette... Altså. Ikkje misforstå. Eg ser jo at eg har over 6500 klikk på bloggen min, men at folk faktisk klikker seg inn fleire gonger for å lese var hyggeleg å høyre. Dykk skal vite at det set eg pris på. Men ja. Kor var eg? Jo. Eg skulle jo røpe vekta mi!
I dag var eg 92,5 kg. Altså ein halv kg ned fra førre veke.

Ikkje akkurat noko å skrive heim om, men likevel nok til å feire. Noko eg tenkte å gjøre i kveld.

Uansett. Eg har hatt nokre utfordringar med å ta bilete av meg sjøl i spegelen på badet. Mest fordi dei tre forskjellige lyskjeldene på badet forvirrar mobilkameraet mitt, men og fordi det er noko rart å fotografere seg sjøl i bar overkropp i fullt alvor.


Så i dag starta eg med å fotografere meg sjøl på på badet. Så kom eg på at eg har eit ganske bra fotoapparat, så eg styrta ned i trappa (det er sunt å gå i trapper når ein skal gå ned i vekt) for å hente det opp slik at eg kunne sette i gong med å dyrke narsissismen.
Her oppdaga eg fleire utfordringar.
For å få stappa heile kroppen inn i bildet måtte eg jo ha ein viss avstand frå kameraet. Når eg tek bilder av meg sjøl med mobilen, hjelper jo speilet på med å skape avstanden. Så eg forsøkte å gå lenger bak, noko som førte til at skråtaket kom i vegen, slik at eg måtte bøyge meg framover.
Kvifor har eg mobilen med på bildet når eg tek bilder med fotoapparatet, spør kanskje du...
Eg skulle ynskje eg hadde eit betre svar enn at eg fjernstyrer kameraet frå mobilen....

Så eg flytta litt rundt på kameraet, og tok kanskje det mest corny biletet eg har teke til no... Ingrid såg bildet, og sa "Det der kan du ikkje legge ut!", og eg er heilt enig. Men eg la det ut likevel.
Sjølv med optikk frå sjølvaste Carl Zeiss vert bileta litt gule.
Ein skulle kanskje tru at eg var ferdig med å skrive om å ta bileter av meg sjøl i barisen, men eg er ikkje heilt ferdig enda. 
For eg kom jo på at vi held på med å bygge eit nytt bad i første etasje, og siden eg stort sett har fotografert meg sjøl på badet i denne bloggen, så kjem eg jo etter kvart til å ta desse bileta der nede. 
Så eg flytta meg ned dit. 
Så om du var forvirra over bakgrunnen på første bildet i dag, så er det fordi eg har teke det på det nye badet. Slapp av! Dette kjem ikkje til å gå over til å bli ein "pusse opp badet"-blogg. Det kjem framleis til å bli ein slankeblogg om slanking av Frank. Derfor Slankefrank. 

Om det framleis er noko som leser (eg tipper eg mista dei fleste rett etter bildet av meg sjøl som flexer muskler) så kan dykk kommentere (enten på bloggen eller på Facebook) kva slags mat dykk føretrekk å ete som er både sunn og god. Sjølv er eg glad i hamburger, men eg trur ikkje det går under kategorien "sunn mat"....

Vi snakkes!

onsdag 9. april 2014

Status veke 14 - 93 kg igjen...

 Yo!


I dag var eg tilbake på 93 kg igjen. Eg tykkjer det er heilt ok, med tanke på at eg har trent ein del armer og bein i det siste.
Eg har gått inn eit ekstra hakk på beltet (eller var det førre veke?), og eg er ellers i bra form.

På mandag fekk vi SJOKKBESKJEDEN om at sesongen for sirkeltreninga var over, og at vi ikkje kan gå der og trene lenger. Typisk! Rett etter at vi hadde betalt kontingent og alt!

Uansett så får eg og kona mi Ingrid prøve å finne noko anna å ta oss til i månedane som kjem. Det finnes sikkert andre måtar å trene på. Kanskje eg skal rote fram sykkelen min og begynne å sykle igjen. Det hadde vore noko. Franks slankesykkelblogg. Heldigvis har det blitt vår og alt!
Vårteikn i Førde


Siden eg ikkje har noko meir spennande å melde, så må eg ty til overdreven bildebruk i staden.





onsdag 2. april 2014

Resultat veke 13: Status quo


Hei!

Starter bloggen med å bruke eit utrykk feil. Gjorde det med vilje, altså... Men.ja. Kva ER situasjonen akkurat no, tenker nok du.. Eller, gjer du eigentleg det?
Ikkje veit eg. Men ja. Vekta er på 94 kg. Det er 10 kg mindre enn då eg starta, men framleis ikkje ei dramatisk endring sia førre veke. Eller veka før det, osv osv.
Men, eg har blitt sterkare. Og eg har flytta beltet enda eit hakk inn.
Så eg vel å tru at eg har blitt tynnere. Vanskelig å sjå på bilda eg tok i dag, men eg skylder på at eg hadde mykje luft i magen då biletet vart teke.
Kona ville sikkert ha hevda at dette var tmi, men når ein bloggar om slanking og bmi så lyt det være lov med litt oversharing.
Ellers vil eg takke alle som følger bloggen, og håpe dykk vil fortsette med det sjølv om eg ikkje leverer groundbreaking results kvar einaste onsdag.