God morgon lesarar!
![]() |
Noko gjekk gale då eg valgte "juster automatisk" på dette bildet. Eg har IKKJE bleika tennene. |
Eg hadde jo forsåvidt rett i det. Vekta har sånn delvis (+/- 1 kg) stagnert, og eg har ikkje latt det gå inn på meg.
Men kva kan ein skrive om når vekta har bestemt seg for å bli der den er for å motivere dykk stakkarar der ute som nyttar min blogg til å finne motivasjon og styrke til å fortsette?
Jau! Eg kan fortelje om då eg var i Bergen for å kjøpe meg ny bukse!
Det har seg slik at min kjære niese Julie hadde bursdag i helga, og det måtte feirast med brask og bram. Evt Brask og Bram, som eg burde skrive då utrykket eigentleg er dansk og omhandlar to menn som var glade i å feste.
Uansett så tykte eg at det var på sin plass å stille i brand new pants då eg skulle delta i slikt eit arrangement, så eg gjekk til min faste leverandør av brallor (http://www.brandstad.no) og fortalte at eg skulle prøve nokre bukser i størrelse 36.
Då oppdaga eg at dei var alt for store. Alle sammen. Så då gjekk vi ned til str 34. Dei passa heller ikkje. Så då vart det størrelse 33. 33! Eg har gått ned 2 buksestørrelser! Bungalow(!), som dei seier i finare villastrøk.
Ellers er det megaflott vær i Jølster for tida, sjølv om det i dag har blitt litt kaldare i lufta.
Men milde månemann så flott det er å gå tur på husstøylen!Ellers har eg bedreve tida med å forsøke forskjellige frisyrer på badet og sjå kor kleint det kan være. Eg har funne ut at det kan bli sånn passe kleint, og håper ikkje nokon nytter desse bileta mot meg i framtida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar