mandag 21. april 2014

Franks slankeblogg - Påskespesial 2014

Påskespesial 2014


Bilete: Frank baker
Når ein har gjester på besøk er det ikkje fritt for at ein lyt bake når ein oppdagar at ein ikkje har brød om morgonen...

Kjære lesarar. Ja, eg veit... Det vert færre og færre av dykk for tida, men eg reknar med den harde kjerne på rundt 60 stk ikkje vil svikte meg denne gongen heller. 
Kvifor påskespeisal, undrar du kanskje? Og jo. Det er fordi påska kan være utfordrande for den som driv med slankeblogging. 
I påska skal ein stappe i seg både det eine og det andre, men samtidig så er det viktig å balansere dette med skiturer og påfølgande skryting av nevnte aktiviteter på sosiale medier som Facebook, Instagram, Tinder og liknande. 
Eg skal innrømme at eg har i år, som året før delt broderlig mine opplevingar frå påska på Facebook (https://www.facebook.com/media/set/?set=a.10151971593071601.1073741838.686081600&type=1&l=aeb561ad75), og eg skammar meg heller ikkje over det. 


Men det som eg tenkte å ta opp er jo effekten alle desse aktivitetane har på kroppen. Man trener jo ofte mykje i påska når ein går tur, men samtidig så sørger ein jo for å helle innpå ei flaske vin i ny og ne, samtidig som man reiser på fleire festlege aktiviteter saman med venner man ser 2-4 gonger i året. Alkohol og slanking høyrer ofte dårleg saman, siden inntak av alkohol ofte fører til ei ukritisk tilføring av nøtter, sjokolade, chips, smågodt og kebab. 
Det var derfor ingen overrasking at vekta i dag viste heile 95 kg igjen! Ein heil kg meir enn veka før. 
Samtidig tykkjer eg det er greit. Det skal være slik. Ein skal ikkje fråtse som ein komodovaran i ei heil veke uten at ein vert straffa for det. Så enkelt er det. 
Eg ser heller ikkje på det som ei straff. Og det er viktig å ha ei slik instilling når ein skal gå ned i vekt. 
Man BØR unne seg å leve litt i ny og ne, ellers vert ein einspora. Folk som berre er opptatt av vekt og slanking er ikkje så hyggelege å være sosiale med. Eg held ikkje foredrag om slanking når eg møter vener og kjente på byen. Eg dømmer heller ikkje andre for deira livsstil, og prøver heller ikkje å verve dei til min okkulte sekt  Crossfitnesscardiopumpcycling. Eg berre bloggar om det. Så held eg stort sett kjeft om det resten av veka. 

Påska i år

Helgheimsdalen påska 2014

Men ja.
Kva var eigentleg poenget med dette blogginlegget, tenker du sikkert? Eg aner ikkje. 
Men for nokre år siden (la oss seie i 1996/1997) så var DETTE utsikten eg hadde i påska:
Tidene har forandra seg. Eg vil forøvrig ikkje anbefale å delta på The Gathering når ein skal slanke seg. Det har på ein eller ein annan måte ei negativ effekt på både kropp og sjel. Aner ikkje om det er pga mangel av søvn, dårleg kosthold eller rett og slett fordi man sitter på ræva ei heil veke i strekk, men uten å ha ei legeutdanning i ryggen trur eg at det kan være kombinasjonen som er utslagsgjevande. 

Uansett: Påska i år har vore heilt fantastisk! Vi har kosa oss glugg. Været har vore kjempeflott, og vi har både kunna ha gått på ski, og vandra rundt i shorts med ein dags mellomrom. Vi har dessuten hatt besøk av flotte folk, spist nydeleg pinnekjøtt og bada i stamp. 

Siden eg for lengst har mista den raude tråden i dette innlegget skal eg avslutte med å sette inn eit par bilder frå påska. Ha det bra, bloggen!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar