What does the fox say - som ungdommen seier no for tida!
Ja. Velkommen tilbake til Franks slankeblogg. Evt Slankefrank sin blogg. Alt ettersom korleis man vrir og vender på det.
Eg starter med eit litt uklart bilete tatt på det nye badet vårt då blitsen gjekk av uten at eg hadde bedt den om å gjøre det. Ikkje så farleg, sia den tek fokuset vekk frå den halvnakne mannen ved siden av.
Korleis går det med vekta då? - Tenker du kanskje. Eller kanskje du lurer på kvifor eg ikkje blogga i går. Det var jo i går det var onsdag og greier. Grunnen er at eg forsov meg litt i går. Måtte springe ut døra for å rekke jobb. Då har ein ikkje tid til å posere framføre spegelen eller å vege seg. Det seier seg nesten sjøl.
Men kva veg du då? Spør du kanskje igjen. Og det skal eg fortelje deg.
Først er det jo sjølvsagt freistande å forklare at eg har vore ganske slapp den siste veka. Veldig slapp. Ikkje hatt energi til å byrje med noko, omtrent. Sikkert noko som går (håpar eg). I tillegg har eg vore i Bergen og feira 17 mai. Då vart det nokre øl her og der.
På sjølve dagen vart det både bløtkake og rømmegraut. Rett og slett ALT man ikkje må stappe i seg når man driv med slankeblogging på profesjonelt nivå.
Og hamburgeren på
Royal Gourmetburger & Gin... Namnamnam! Hvilken fryd for både gane og... Ehm.. Tunge? Uansett. Mykje saltstenger, ect ect ect gjekk med i helga. Samt at eg har vore særs lite i bevegelse.
For ordens skyld så har eg vore på fjelltur med kona og Jostein Gabriel, og på mandag klarte eg det magiske kunststykke å rote fram sykkelen igjen.
Det var kjekt å sykle. Eg skal gjøre det igjen. Må berre komme meg i form igjen først.
(Og då meinar eg at viruset eller kva det no er som plagar meg må bekjempast)
Men ja. Vekta. Den var kommen opp i 94,5 kg.
Det vil seie at den har auka litt igjen. Men slapp av. Det er tydeligvis ikkje meininga at eg skal klare å komme meg under den vekta der. Den store kneika, som dei seier.