Sjåkkedårisei!
Kvar byrjar eg i dag, då?
Jo. Eg kan hoppe rett på vekta. Det er jo trass alt det einaste dykk bryr dykk om kjære lesarar.
Dei fleste av dykk har sikkert allereie klart å gjette det, og det stemmer. 94 kg.
Det virker som om det er der den har tenkt å bli.
Men har eg trena denne veka då?
Jaaaaa. Det har eg!
Det var ein herlig, forfriskande og flott tur. Eg var i overraskande god form. I alle fall så var eg det heilt fram til siste mila. Då byrja eg å kjenne at eg var sliten.
Men eg kom i mål, og ikkje hadde eg den verste rundetida heller. Så no er låra og leggene mine i sjokk. Dei har bestemt seg for å vokse. Det er sikkert musklar. Eller mørbanka fett. Ikkje veit eg.
Så kva kan eg love til neste veke då? At eg skal gå ned ein kg? At eg skal bestige ein fjelltopp?
Tja. Kvifor ikkje.
Eg lover at eg skal gjøre ein av delene. Så kan de av dykk som framleis les dette arrestere meg på dette neste veke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar