torsdag 5. juni 2014

Resultat veke 22 - Kva no?

Hello and ho, som Silje Simonsen pleide å seie



 I førre veke var eg innom temaet å gi meg sjøl ei utfordring. Det var ei utfordring berre å finne ut kva eg skulle finne på å utfordre meg sjølv til å gjere, men til slutt kom eg fram til følgande setning:
"Så kva kan eg love til neste veke då? At eg skal gå ned ein kg? At eg skal bestige ein fjelltopp?
Tja. Kvifor ikkje."
Først og fremst trudde eg at det å bestige ein fjelltopp skulle være det enklaste av dei to. Så på søndag spente eg og kona på oss joggesko og bestemte oss for å gå opp på husstøylen, og deretter bestige ein av fjelltoppane i området der. Når vi hadde komme opp på støylen oppdaga vi at det ikkje var nokon stiar som gjekk vidare derifrå. Det er mogleg dei var der, men dei var ikkje lette å sjå. Vi fann dei ikkje, i alle fall. Så vi vandra kvilelaust rundt som to sauer oppe i fjellsida, og prøvde å sikte oss inn på ein fjelltopp som såg sånn ca relativt grei ut å bestige frå vår synsvinkel (med sola i augene. 

Heldigvis hadde eg drikkesekk på ryggen, og bar overkropp. Det hjalp på når ein skulle holde motivasjonen oppe.




 Til tross for nydelig vær og flott utsikt, nådde vi aldri toppen. Ein kan skylde på mykje rart, men eg vel å skylde på det faktum at vi ikkje hadde med oss nistemat. Ein kan OG skylde på meg, og seie at eg valgte feil rute, noko som gjorde det ekstra tungt å komme seg til toppen.

Etter å ha tråkka ei stund, oppdaga vi at "toppen" vi hadde tenkt å bestige var ganske langt under oss, og når vi prøvde å gå ned til den måtte vi gjennom diverse steirøyser, bjørkeskog og myr. Det endte opp med at vi droppa å bestige ein topp denne veka. Litt trist eigentleg, men for all del. Vi fekk jo ein relativt fin tur, om du ser vekk frå alle skrubbsåra Ingrid fekk då ho tilsynelatande datt ned ein fjellskråning.



Ca midt på bildet ser dykk fjelltoppen vi EIGENTLEG hadde planar om å bestige. 
Vel heime fiksa min kjære kone grillmat, noko som falt i god smak hos ein sliten slankebloggar.

Men vekta då? Kva med den?
Eg ser spørsmålet, og kan komme med svaret. Den er 93 kg. Med andre ord så har eg i det minste klart den EINE utfordringa eg hadde satt meg. Eg har gått ned halvannan kg. Så det.
Sånn teknisk sett så har eg jo NESTEN vore på ein fjelltopp og, så eg vel å legge den halve fjelltoppen på den halve kiloen og påstå at eg har klart begge. Protestar kan leveres skriftlig til noreply@gmail.com 
 

Det er framleis rart å ta bilete av seg sjølv i bar overkropp om morgonen. 



Det beste ein kan gjøre med situasjonen er å smile. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar