onsdag 18. juni 2014

Veke 24 - Etter Bergenfest

A-wimba-we a-wimba-we ect ect.....

(Foto: Kristoffer Øen)
Då er Bergenfest over, og vi var der frå onsdag til søndag (teknisk sett mandag morgon). 
Med over 30 konserter fordelt på 3 scener og stort sett flott vær..
På torsdagen åpna himmelen seg, og vi vart rimeleg våte. Men bortsett frå det hadde vi det mycket bra. 
Men når ein driv med slankeblogging kan slike musikkfestivalar være særs utfordrande. 
Løysinga for mitt vedkommande var å ete så ofte det lot seg gjøre på Clarion Hotel Collection Havnekontoret. Der er nemleg frukost, pannekaker og middag inkludert, serru. Men som oftast spiste eg hamburger. Eg tilstår. Men det hadde du gjort og, om du var i umiddelbar nærhet av Royal Burgers & Gin i Bergen. 
MEN! Korleis halde vekta sjølv om man er på musikkfestival, seier du?

Jau: Man tek med seg bikkja. Han må jo luftast i tide og utide. Så når klokka var rundt åtte sto vi opp, spiste frukost og gjekk lange turar med hunden i skog og mark. Evt i gater og fortau. Samma det. Han sørga for å halde trimnivået oppe. Så då kan eg jo like godt smelle inn vekta, siden det er det einaste dykk leser på denne sida.  93 kg! Jepp. Samme som sist, trur eg. Eller har eg gått ned ein halv kg? Eg husker ikkje. Ikkje så farleg. 

Tok bilde på gamlebadet i dag. Grunnen til dette var at vi hadde besøk av ein handtverker som skulle fikse noko greier på det nye badet, og eg hadde ikkje lyst å utsette han for min foto-session. Kunne sikkert ha venta til han har gått før eg tok bildene, men eg skal til Førde ein tur og har behov for å gjøre meg ferdig med slankeblogginga før eg kan reise. Eg har jo tross alt lesarar det er viktig å følge opp. 
Apropos det så møtte eg fleire på festivalen som hevda dei fulgte bloggen min.
Det er jo kjekt, når eg tross alt bruker 2-3 minutter kvar onsdag på å skrive nokre ord og å dele bilder av den halvnakne kroppen min. 

Her er eit par bilder/høgdepunkt frå Bergenfest:

Den beste ølen på Bergenfest

Beste liveshow på Bergenfest: THE HELL
Søster Pling og Ben frå Dillinger Escape Plan

Beste band

Beste folka å henge med

Blood Command

Blood Command

Robert Plant & The Sensational Space Shifters slår eit slag for Ægir Bryggeri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar