torsdag 12. juni 2014

Veke 23 - Bergenfest

Kjære alle trufaste lesarar. 


Eg beklager at det ikkje vart noko blogging på meg i går, sjøl om det var onsdag og alt. Det som kanskje er ei mager trøst, er at eg tok bilder i går, og har stått på vekta.

Så alt låg til rette for at eg skulle legge ut eit inlegg i går, som seg hør og bør når ein driv ein slankeblogg på det verdsomspannande internettet.

MEN SÅ(!) oppdaga eg nettopp at Dropbox ikkje har automatisk lasta opp bilda eg tok i går, og eg sletta dei frå telefonen då eg ikkje ynskjer å gå rundt med bilder av meg sjøl i bar overkropp på telefonen min i tilfelle noko skal sjå på den og får seg ei oppleving dei helst skulle ønske dei kunne sleppe.

Så då står eg her da. Med vekta mi. Den var like under 93 kg i går.
Det er ein halv kg ned frå førre veke, og sånn. Men for all del. No er det musikkfestival, og det vil seie at eg et hotellfrukost kvar dag, tek ein øl i ny og ne og står for det meste statisk og lyttar til folk som kan spele fine ting på instrumenta sine.
Før eg reiste fekk eg testa korleis ein trenar med ei slåmaskin. Det var artig. Eg fekk verkeleg fillerista meg då eg vandra rundt på eit jorde med denne i hendene. Note to self: Neste gong skal eg ha på meg hansker slik at eg slepp å ha gnagsår på innsida av hendene mine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar