onsdag 14. mai 2014

Resultat veke 19 - Berg og dalbane (sånn vektmessig)

Billabong!



Humøret er sjølvsagt på topp, men etter å ha levd godt på hotellfrukost, gourmethamburgere, bursdagsfester og tung kursvirksomhet i førre veke så hadde faktisk vekta mi gått opp 2 kg då eg kom heim i helga!
Heldigvis har eg gått ned igjen eit av dei denne veka, så eg er no 94 kg igjen.
Førre veke var eg på tur til fjells, og eg og kona gjekk på toppen av Grånibba. Den er sånn ca 1000 meter over havet, og vi gjekk i mykje terreng og snø.
Dagen etter var eg i Oslo og jogga. Eg har aldri jogga noko særleg før, men fann ut at det har eg plutseleg kondis til å gjøre no. I tillegg har eg trena mykje armer i det siste. Noko som forklare vektauka.
Som eg har nevnt tidlegare (og som alle andre gjør når det begynner å gå feil veg med vekta), så veg jo musklar meir enn fett. Og det MÅ jo være muskler eg har fått av alt snopet eg har spist den siste veka.

Bilete tatt på det nye badet (som snart er ferdig)
Ellers går vi framleis turar. Eg tek framleis situps, og lev eit elles normalt liv utanom dette.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar