onsdag 27. august 2014

Resultat veke 34 - Snøft

Cowabunga!

Hei.
Velkommen, velkommen, velkommen til Franks slankeblogg. I dag skal vi diskutere sjukdom. Evt så kan vi la være. Eg vakna i dag med feber og sår nase. Kjekt. Men eg har etter mykje om og men funne meg til rette i sofaen saman med ei pute, litt sprudlevatn og Star Trek på Netflix.

Men det har vore ei begivenhetsrik veke på fleire måter.
For det første har det vore hundedager. Eller hundenes dag. Ikkje ein dag eg har hørt om før, men den var visstnok i går.
Ellers kan eg skryte av å ha svinsa rundt på fjellet denne veka og. Vi har til og med vore på bærtur i Helgheimsdalen.
Men i dag er eg sjuk, så eg har parkert meg sjøl heime hos svigers.
Btw så har vi fått nytt internett heime. Levert av Chess. Er ganske nøgd med hastigheten.
For å være ærlig så blir dette det daueste innlegget eg har skreve på lenge. Sikkert fordi eg ikkje er i form.
Men vekta er 94 kg. Ingen bombe.


Men no skal eg gi meg. Beklager til alle mine faste lesarar. Eg lover å bli bedre neste veke.

torsdag 21. august 2014

Uke 33 og 34 (sånn ca)

Hey you, the rocksteady crew!


Då er vi i gang med inlegget eg lovde at eg skulle skrive i går. I går hadde Ingrid bursdag, og før eg trøkka i meg rullekake og ensji.. enchila... enchiladas(!) viste det digitale displayet på den moderne badevekta vår 94 kg. I dag har eg ikkje turt å gå på vekta, men eg går ut i fra at den sikkert viser det samme.
Ensji.. enchillllla... Enchiladas er ein sunn og god rett fra Mexico (eller, inspirert av mat fra Mexico). Ofte er det vi nordmenn omtaler som mat fra Mexico mat frå Texas som er inspirert av mat frå Mexico. Eller. Siden dette er ein slankeblogg burde eg kanskje seie at det vi nordmenn som slanker oss pleier å kalle slankemat frå Mexico faktisk er slankemat frå Texas. Men enchiladasane vi spiste i går var inspirert av Lise Kathrin Tatjana Finckenhagen.
Oppskriften kan du finne her: (Altså, her). Det skal nevnes at vi hadde i litt bønner og sånn i tillegg. Og med "og sånn" så meiner eg mais.
Denne retten er i utgangspunktet meget sunn. Det einaste problemet med den er at den smaker såpass godt at du sannsynligvis overspiser den. Så den ender opp med å være ganske usunn likevel. Men klarer du å styre deg, så er dette sunn mat du kan spise med god samvittighet.
Edit: Ingrid seier at eg måtte skrive at dette var sunt fordi det inneheld mykje grønnsaker og lite fett.

Veka som gjekk

Men som eg nevnte i gårsdagens blogginlegg så har eg fått klage frå mine 2 faste lesarar om at det ikkje akkurat skjedde så mykje slankebloggmessig i det siste. Vekta har stagnert, og eg har ikkje vore så aktiv. Så eg valgte å gjøre noko med det. Siden eg er opptatt av at slanking og slankeblogginga mi generelt skulle være rimelig laid-back og ikkje overfokusert på kroppshysteriet i det moderne samfunn så har eg forsøkt å komme meg i form igjen ved å gå på fjelltur med hunden.
Eg trur eg har nevnt det før, men det er viktig å ha noko som motiverer deg når du skal slanke deg, eller slankeblogge. Les fanen motivasjon om du skulle være i tvil. Så den siste veka har eg gått på to større fjellturer (og nokon små). Å gå ein tur opp til Husstøylen, eller å gå runden i Helgheimsdalen er jo kjekt, men det er jo når ein bestiger ein fjelltopp at ein føler at man får skikkelig uttelling for turen. Og med uttelling så meiner eg utsikt. Om man setter pris på denslags, that is. 
Så eg og hunden min Jostein Gabriel gjekk ein flott tur på Orkja.
Her gjekk eg mykje feil, og rota meg inn på stier som ikkje leda nokon plass. Eg vel å legge all skuld på Jostein Gariel som hevda han hadde full kontroll på kvar vi skulle gå. Eg kan og nevne at vegen var dårleg merka. På vegen ned gjekk eg ein mykje smartare veg som var bedre merka. Ein litt lenger tur, vel å merke, men med mykje flottare utsikt (om ein set pris på dette), that is. 
 
Uansett. Her er eit par bilder frå turen.


Du kan trykke på bildene for å få dei større.
Uansett. Denne turen kan eg trygt anbefale, sjøl om du ikkje bur i Jølster. Eg møtte til og med eit par frå Tyskland der oppe. Dei snakka ikkje til meg, men dei helste på ein litt sånn klein måte. Grunnen til at eg går ut i frå at dei var tyskarar var basert på skiltene på bilen deira. Og at dei gjekk på fjelltur i klær eg ville ha hatt på meg når eg skulle ein tur på eit kjøpesenter.

onsdag 20. august 2014

Resultat veke 33 - Kjapp bursdagsblogging

Hei sveis i fjeset!

I dag blir det eit superkjapt innlegg som ikkje byr på dei heilt store utfordringane å lese. Grunnen til dette er at kona mi (Ingrid) har bursdag, og eg har bestemt meg for å vie 70% prosent av dagen min til ho... Som seg hør og bør. 

Så da skal eg blogge meir i morgon. Då skal eg snakke om fjellturar, slankemat og alt det derre som dei to faste lesarane eg har har klaga på manglar i Bloggen min. Vekta er forresten 94 kg.


*** Coming soon ***



onsdag 13. august 2014

Resultat veke 32 - Målrock og sånn

By the power of Greyskull!

Då er det nok ein gong onsdag, og eg er nok ein gong i gang med slankeblogginga mi.
I den siste tida har vi jo hatt ei negativ utvikling på heile greia, der eg faktisk har klart å gå OPP i vekt, i stedet for å gå ned. Det har jo vore uheldig, men samtidig så har det jo vore ein slags ferie. Dvs, eg har jo jobba, men dykk skjønner kva eg meiner. Denne helga har eg vore i Årdal og vore på Målrock-festivalen for første gong i mitt liv. Altså... Misforstå meg rett... Eg har vore i Årdal før. Eg har tross alt budd der i mange år. Men det er første gong eg reiser på Målrock. 

Målrock arrangeres i hovudsak på kaien på Årdalstangen. Det er mogleg eg trakkar i grøten, og har gløymt eit meir lokalt utrykk for denne kaia, men det får så være. Eg kallar det for ei kai, då det går an å legge til ein båt der. I gamle dagar (då eg var ung) gjekk det an å ta ferje frå denne kaia heilt inn til Kaupanger. Eller. Ikkje akkurat denne kaia, men ei kai nokre få hundre meter til venstre frå der eg sto når eg tok bildet. Men drit no i den jævla kaia. Er vel grenser for kor interessant det kan være å lese om ei kai som framleis er i drift og nyttast til både fritidsbåtar og til store lasteskip som fraktar aluminium og råvarer inn og ut i Sognefjorden. Men ja. Vi skal snakke meir om båtar og sånn etterpå. Men no er det Målrock vi snakkar om. Den andre delen av Målrocken foregår "Under Skåri", som for meg er på Hjelle. Nok ein gong trakkar eg nok på tærne til mange geografikrarar og historikarar der ute. Men eg vil tørre å påsta at "Skåri", som sannsynlegvis er eit fjell oppe i Hjelledalen ikkje var så magisk, dramatisk og flott at eg tykte det skilte seg ut frå dei andre.
Mogleg dette er Skåri. Litt drit at eit epletre stilte seg i vegen då eg skulle ta bildet. 
Før folk vert sinte og kastar... ehm... Epler på meg, så vil eg berre få stadfeste at eg ikkje seier at eg tykte det var stygt oppe i Skåri. Eg seier berre at eg ikkje veit kva som var Skåri, og at for meg så var eg på Hjelle. Men altså. Ja. Mogleg Skåri betyr steinrøys.. For å være ærlig så har eg ikkje gidda å Google det. 
Programmet på Målrock er særs variert. Dei har forsøkt å treffe alle målgrupper, og det har dei sannsynlegvis klart ganske bra.
Vi gjekk glipp av mykje og mangt på denne festivalen. Bernhoft spelte litt for tidlig til at vi rakk å reise opp dit, Violet Road gjekk vi dessverre glipp av etter å ha hørt eit par låtar på Spotify, og Staut rakk eg akkurat å høyre "Slepp meg inn, slepp meg inn, vi skal ligge på saueskinn"-låta då eg kom inn på festivalområdet. Heldigvis var det særs lite lyd frå sjølve festivalen inne i ølteltet, så eg slapp å høyre noko av Gabrielle. Dessverre førte det til at eg drakk ein del før Seigmen kom på scena, men sånt må ein nesten rekne med når ein skal prøve drikke til man gløymer at nokon syng "Bordet er snudd" på scena like bortanfor deg. Gabrielle er sikkert ei hyggeleg dame, men eg berre tykkjer at musikken hennar er heilt jævlig. Som eit gnagsår i øret. 
Uansett så var Seigmen knallbra! 
Artig at dei omtrent ser like ut som for 14 år siden. Og det meinar eg ikkje på ein negativ måte. Kanskje Seigmen burde ha slankeblogga, då ingen av dei hadde lagt på seg nevneverdig mykje. 
Dagen etter var det opp på Hjelle, eller "Under Skåri" som dei likar å kalle det. Der gjekk vi dessverre glipp av åpningsbandet "System of Six", men eg vel å legge skylda på Gabrielle som gjorde at eg måtte samle meg litt før eg klarte å ta bussen opp. Scena og opplegget rundt "Under Skåri"-delen av festivalen var veldig flott, og det var forfriskende å være der.

Med ein tom ti-pi, eit øltelt, verdas lengste matkø og med ei scene satt opp med bjørkekvistar var stemninga satt. Musikalsk var det lite utfording å møte på scena. Veldig snill viserock/køntri for det meste. Personlig skulle eg ønske å få oppleve noko litt meir spennande på ei slik scene. Eg trur Kari Bremnes hadde vore magi der oppe. Eg satt ei stund framfor scena, men fann ut at eg måtte rusle litt rundt for å ikkje sovne.
Foto: Siren Svortevik
Etter å ha stått i 45 minutter i kø, fekk eg kjøpt meg ein hamburger og ein kopp kaffe slik at eg kvikna litt til. Hamburger er btw ikkje slankemat, og som slankeblogger kan eg ikkje offisielt gå ut og seie at dette er noko ein bør ete ofte om ein går aktivit inn for å slanke seg. Heldigvis lot dei folk ta på dressing sjølv, noko som viser at dei frivillige som jobba på festivalen tek dette med slankeblogging alvorleg. Eg tok på dressing likevel. 
Ein kan møte ymse diverse slekt når ein reiser på festival i Årdal
Etter at vi hadde komme oss ned frå Hjelle, laga vi ølgryte a'la vegetar. Siden dette er ein slankeblogg, så kan eg jo dele oppskrifta her, då fleire av dykk lesarar sannsynlegvis les dette fordi de har ein draum om å leve litt sunnare. 

Ølgryte a'la Vegetar 

Ingredienser: (2-4 personer)
  • 1 Løk
  • 4 Poteter
  • 4 Gulrot (gullerøtter)
  • 1 liter mørk øl (Vi brukte Munkholm Bayer)
  • 1 pk Kikerter
  • Et par lauberblader
  • Salt og pepper
  • 4 stekte champion i skiver
  • Paprika
  • Mais
  • Kruspersille
  • Maisenna
Hakk opp løken og lemp den oppi gryta. Steik den saman med olje til den vert blank og mjuk. Hakk opp poteter og gullerøtter og lemp oppi. Krydre litt etter ønske. Tøm over ølet slik at grønnsakene vert dekka. La det koke, og bruk tida til å hakke opp dei andre ingrediensene du skal ha oppi.
Etter at det har kokt ein 15-20 minutter kan du lempe oppi fleire ingredienser. Steik soppen før du har den oppi. Ellers la det koke i 20 minutter til. På slutten lemper du oppi maisen, soppen og kruspersillen. 
Hell oppi maisenna og rør rundt til sausen har blitt så tjukk som du ønsker at den skal være. 
La retten stå litt før du serverer. 

Klar for Kari Bremnes!
Etter det herlige måltidet måtte vi hive oss rundt for å rekke bussen til Årdalstangen slik at vi kunne få med oss Kari Bremnes. Det såg ut som Kari koste seg i Årdal, for ho leverte litt av ein konsert. Ho dansa sjølvsikkert rundt på scena og dei flinke artistane ho hadde med seg på scena skapte eit lydbilde som kledde ho godt. Allerede under denne konserten la eg merke til at vinden begynte å bli kraftig. Vi hadde lest at det kunne bli storm ved kysten, men vi håpte jo på at det skulle gå bra likevel. Bremnes fekk spelt ferdig settet sitt, og årdalsgruppa Strupetakarane gjekk på scena. Etter å ha høyrt kva konseptet deira gjekk ut på, vart det inn i ølteltet igjen. Det var lokalrevy-tekstar lagt oppå kjente rockelåtar. Dei var flinke å spele altså. Men det var noko utanfor mitt slankeblogginteressefelt. 
Undervegs i konserten vart dei tatt av scena på grunn av kraftig vind. Utover kvelden auka vinden på, og til slutt vart heile festivalen avlyst. Synd eg ikkje fekk sjå Imperial State Eletric, men det var nok det smarte å gjøre. Viktig å ikkje sette liv i fare. 
Meg og storesøstra mi Sonja på Kari Bremnes
Alt i alt kom eg frå det heile 94 kg tung. Med andre ord har eg gått ned ein kg. Eg har riktignok vore på eit par fjellturar og sånn denne veka. Men alt i alt kan vi konkludere med at musikkfestivalar er noko ein kan reise på med god samvittighet når ein driv med slankeblogging. 1 kg ned og greier!
Men til tross for at festivalen vart avlyst før den skulle, så fekk vi med oss 2 flotte konsertar. Kan ikkje klage. Fekk til og med spist lunch med muttern før vi reiste heim. 
Borte bra, men heime hos Jostein Gabriel er det aller best.....



Ellers vil eg nevne at eg var på båttur denne veka, og fekk sjå Jølster frå nye vinklar (altså, frå vatnet). Det var ein fantastisk flott tur saman med søskenbarnet mitt Rune, kona mi Ingrid og hunden min Jostein Gabriel.

 Ellers har eg sikkert mykje meir å fortelle, men det får eg ta neste gong.

torsdag 7. august 2014

Resultat veke 31 - Ein dag bak

Bong di dæng di diggidiggi!

Jaja. Eg blogga ikkje i går. Eg innrømmer det. Eg orka rett og slett ikkje. 
Eg har ikkje så mykje spennande å skrive om for tida, då vekta har tatt seg ein tur i feil retning. Sikkert fordi eg ikkje har skikkelige rutiner i livet mitt for tida. Det er fordi eg ikkje har fast arbeidstid/fast jobb for tida. 
Då er det veldig fort å havne i grøfta når det gjeld rutiner. Samtidig er det jo sumarferie, og då skal ein jo leve litt og. Kanskje Franks Slankeblogg skal ha ein liten rennesanse på høsten, der eg kan trene hardt til lyden av Eye Of The Tiger i joggeklær frå H&M. Mogleg.
Uansett. No er vekta 95 kg, og det går eigentleg heilt greit. Det er jo 9 og ei halv kg mindre enn då eg starta. Men det er jo framleis eit stykke unna det noko hårete målet 85 kg, om eg nokon gong stadfesta at det faktisk var målet mitt. Mogleg eg gjorde det. Om så tilfelle, så skal eg sjå om eg ikkje kan gjere noko med det. 
Uansett. Kva driv eg med for tida, tenker kanskje du? Eller kanskje du tenker på korleis du skal klare å komme tilbake til kvardagen etter fellesferien? Ikkje veit eg. Bedrifta eg jobba i gjekk konkurs like før fellesferien, så eg måtte plutseleg byrje å søkje jobb rundt om kring. Ikkje så lett, når det ikkje er alle jobbar ein kan tenke seg å gjøre. Men eg har fått meg ein deltidsjobb medan eg leitar etter ein skikkeleg ein. Så no jobbar på sett og vis for Microsoft. Noko som eg tykkjer er kjekt. Problemet er arbeidstidene, som gjør at eg det er veldig lett å droppe det å gå på fjellturar eller å gjøre rutinemessige treningar her og der. Eg skal forsøke å få det til likevel. 

Ellers kan det å ha stor hage være god trening. I forgårs brukte eg 3 timar av livet mitt på å klippe plenen. 

Btw... Bildet over er ikkje heile plenen, altså.....