Hey you, the rocksteady crew!
Då er vi i gang med inlegget eg lovde at eg skulle skrive i går. I går hadde Ingrid bursdag, og før eg trøkka i meg rullekake og ensji.. enchila... enchiladas(!) viste det digitale displayet på den moderne badevekta vår 94 kg. I dag har eg ikkje turt å gå på vekta, men eg går ut i fra at den sikkert viser det samme.
Ensji.. enchillllla... Enchiladas er ein sunn og god rett fra Mexico (eller, inspirert av mat fra Mexico). Ofte er det vi nordmenn omtaler som mat fra Mexico mat frå Texas som er inspirert av mat frå Mexico. Eller. Siden dette er ein slankeblogg burde eg kanskje seie at det vi nordmenn som slanker oss pleier å kalle slankemat frå Mexico faktisk er slankemat frå Texas. Men enchiladasane vi spiste i går var inspirert av Lise Kathrin Tatjana Finckenhagen.
Oppskriften kan du finne her: (Altså, her). Det skal nevnes at vi hadde i litt bønner og sånn i tillegg. Og med "og sånn" så meiner eg mais.
Denne retten er i utgangspunktet meget sunn. Det einaste problemet med den er at den smaker såpass godt at du sannsynligvis overspiser den. Så den ender opp med å være ganske usunn likevel. Men klarer du å styre deg, så er dette sunn mat du kan spise med god samvittighet.
Edit: Ingrid seier at eg måtte skrive at dette var sunt fordi det inneheld mykje grønnsaker og lite fett.
Veka som gjekk
Men som eg nevnte i gårsdagens blogginlegg så har eg fått klage frå mine 2 faste lesarar om at det ikkje akkurat skjedde så mykje slankebloggmessig i det siste. Vekta har stagnert, og eg har ikkje vore så aktiv. Så eg valgte å gjøre noko med det. Siden eg er opptatt av at slanking og slankeblogginga mi generelt skulle være rimelig laid-back og ikkje overfokusert på kroppshysteriet i det moderne samfunn så har eg forsøkt å komme meg i form igjen ved å gå på fjelltur med hunden.
Eg trur eg har nevnt det før, men det er viktig å ha noko som motiverer deg når du skal slanke deg, eller slankeblogge. Les fanen motivasjon om du skulle være i tvil. Så den siste veka har eg gått på to større fjellturer (og nokon små). Å gå ein tur opp til Husstøylen, eller å gå runden i Helgheimsdalen er jo kjekt, men det er jo når ein bestiger ein fjelltopp at ein føler at man får skikkelig uttelling for turen. Og med uttelling så meiner eg utsikt. Om man setter pris på denslags, that is.
Så eg og hunden min Jostein Gabriel gjekk ein flott tur på Orkja.
Her gjekk eg mykje feil, og rota meg inn på stier som ikkje leda nokon plass. Eg vel å legge all skuld på Jostein Gariel som hevda han hadde full kontroll på kvar vi skulle gå. Eg kan og nevne at vegen var dårleg merka. På vegen ned gjekk eg ein mykje smartare veg som var bedre merka. Ein litt lenger tur, vel å merke, men med mykje flottare utsikt (om ein set pris på dette), that is.
Her gjekk eg mykje feil, og rota meg inn på stier som ikkje leda nokon plass. Eg vel å legge all skuld på Jostein Gariel som hevda han hadde full kontroll på kvar vi skulle gå. Eg kan og nevne at vegen var dårleg merka. På vegen ned gjekk eg ein mykje smartare veg som var bedre merka. Ein litt lenger tur, vel å merke, men med mykje flottare utsikt (om ein set pris på dette), that is.
Du kan trykke på bildene for å få dei større.
Uansett. Denne turen kan eg trygt anbefale, sjøl om du ikkje bur i Jølster. Eg møtte til og med eit par frå Tyskland der oppe. Dei snakka ikkje til meg, men dei helste på ein litt sånn klein måte. Grunnen til at eg går ut i frå at dei var tyskarar var basert på skiltene på bilen deira. Og at dei gjekk på fjelltur i klær eg ville ha hatt på meg når eg skulle ein tur på eit kjøpesenter.
Tur til Nykjen.
Dagen etter bestemte eg meg for å prøve meg på eit anna fjell litt lenger inne i dalen.
Turen til Nykjen fann eg i denne turboka som eg og Ingrid fekk til jul for nokre år siden.
Om eg har gjort alt riktig no, så skal eg ha lagt inn ein video eg la ut på Instagram medan eg var på fjelltur og spiste blåbær.
Utsikta frå Nykjen var fin den, men det var kaldt der oppe.. Så husk å kle godt på deg om du tek turen. Samtidig var eg litt uheldig med været, så eg vart utsatt for eit ganske heavy regnvær då eg hadde nådd toppen. Så turen ned vart noko våt. Og kald. Det var rundt 11 varmegrader då eg kom ned til bilen, og eg vil trur at på toppen vart det noko kaldare.
Men det skulle vise seg at turen ned skulle by på fleire utfordringer enn eg hadde håpa på. For det første så er det komplisert å gå fjelltur i heavy regnvær når man bruker briller. Det var dråper og dugg i synsvinkelen min, så det å gå ned igjen på stien var ganske utfordrande. Derfor valgte eg å gå grusvegen som var på andre siden av elva. Då slapp eg å konsentrere meg om kvar eg plasserte foten min heile tida.
Og det var på denne vegen at eg møtte den første flokken med kyr.
Kyr er jo nasjonalromantisk, og alt det der. Problemet med kyr er at kyr som ikkje er vant med hund er omtrent like hyggelig å møte på som ein drita full ungdomsgjeng utenfor nattsafen klokka 2 om natta etter at du er ferdig på jobb. I desse dager debatteres det jo tungt rundt triggerhappy sauebønder i Rogaland, og hunder i bånd. Men kven passer på når kyr angriper turgåere i fjellheimen?
Den første flokken med kyr ungjekk eg ved å gå litt opp i skogen og passere dei der. Likevel begynte eit par av dei å følge etter oss. Da hunden bjeffa, kom dei berre nærmare. Så eg måtte jage dei vekk ved å brøle litt og klappe med hendene. Det som dei fleste av oss gjør for å glede artistene vi er på konsert med, var tydeligvis noko kyrne ikkje satte særleg pris på. Neste flokk med kyr jogga vi lett forbi, og alt var fryd og gammen. Eg ringte heim til Ingrid og fortalte at eg var kliss våt, kald og snart heime.
Så møtte eg flokk nummer tre. Dei hadde stilt seg midt i vegen.
Her forsøkte eg skremme vekk dei fleste med lyder som "Hysj på seg", "Gå vekk" og "Habbadubbadubbaduuu". Noko som fekk vekk dei fleste. Bortsett frå to kalvar. Eg kunne ha kalt dei for okse, eller stut. Men eg har fått beskjed om at det betegner ei ku med/uten testikler, og over ein viss alder. Kva ein kallar ein kalv som er utstyrt med penis, veit eg ikkje. Eg tykkjer det er dumt at det skal være slik at det skal være 17 forskjellige navn på eit og samme dyr avhengig av kjønn, alder og sterilitet. Det forvirrer oss stakkars offer som skal prøve å gi ein vitnebeskrivelse. Så for meg er det ku og okse. To unge okser (som sikkert ikkje er kastrert, eller var over ein viss alder) sto igjen og stirra på oss. Jostein Gabriel begynte å bjeffe, men likevel ville dei ikkje flytte seg. Så då begynte eg å klappe og forsøkte å jage dei. Då vart ei ku som sto litt lenger bak der ganske forbanna, og kom løpende mot oss i høg fart. Eg går ut i frå at dette var mora til desse to oksebarna, uten at eg har tatt nokon dna-test for å bekrefte dette.
Så her måtte eg hive meg ut i grøfta, og over på eit pløgd jorde. Eg kom meg bort til ein plog som sto parkert der, og fekk bikkja til å sitte under den. Her sto kyrne og stirra på han lenge, og i 10-15 minutter forsøkte eg å få dei vekk.
Dei ville ikkje gå vekk. Eg forsøkte å ta meg gjennom skogen ved siden av, men kyrne fulgte etter. Til slutt gikk eg bak nokon busker og sto der så lenge at kyrne gjekk sin veg. Då rauta dei på sin veg nedover.
Når eg var sikker på at dei hadde gått forbi bilen, fekk eg lempa hunden over eit gjærde og gått ned til bilen.
Musikkvideoen over laga eg dagen etter. Melodien og, faktisk.
Men ja. Kyr ser visstnok på hunder som rovdyr, og når rovdyr går i nærheten av avkom så kicker visstnok morsinstinktet inn ganske kraftig.
Siden eg kom frå denne opplevinga med både livet og hunden i behold så skal eg ikkje klage. Men eg vil jo påstå at det å bli angrepet av krøtter la ei viss demping på totalopplevinga av det å gå tur til Nykjen. Dette er ein tur eg vil anbefale når ein er bevepna, går uten hund eller når kyrne er inne i fjøset.
Men det var alt eg fekk tid til å blogge om i dag, folkens. No skal eg visstnok støvsuge, vaske gulv og forhåpentligvis gå ein fjelltur for å plukke bær saman med kona og bikkja. Kjem det ikkje eit innlegg neste veke er det sannsynligvis fordi eg har blitt drept av kyr på vegen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar