Bong di dæng di diggidiggi!
Jaja. Eg blogga ikkje i går. Eg innrømmer det. Eg orka rett og slett ikkje.
Eg har ikkje så mykje spennande å skrive om for tida, då vekta har tatt seg ein tur i feil retning. Sikkert fordi eg ikkje har skikkelige rutiner i livet mitt for tida. Det er fordi eg ikkje har fast arbeidstid/fast jobb for tida.
Då er det veldig fort å havne i grøfta når det gjeld rutiner. Samtidig er det jo sumarferie, og då skal ein jo leve litt og. Kanskje Franks Slankeblogg skal ha ein liten rennesanse på høsten, der eg kan trene hardt til lyden av Eye Of The Tiger i joggeklær frå H&M. Mogleg.
Uansett. No er vekta 95 kg, og det går eigentleg heilt greit. Det er jo 9 og ei halv kg mindre enn då eg starta. Men det er jo framleis eit stykke unna det noko hårete målet 85 kg, om eg nokon gong stadfesta at det faktisk var målet mitt. Mogleg eg gjorde det. Om så tilfelle, så skal eg sjå om eg ikkje kan gjere noko med det.

Uansett. Kva driv eg med for tida, tenker kanskje du? Eller kanskje du tenker på korleis du skal klare å komme tilbake til kvardagen etter fellesferien? Ikkje veit eg. Bedrifta eg jobba i gjekk konkurs like før fellesferien, så eg måtte plutseleg byrje å søkje jobb rundt om kring. Ikkje så lett, når det ikkje er alle jobbar ein kan tenke seg å gjøre. Men eg har fått meg ein deltidsjobb medan eg leitar etter ein skikkeleg ein. Så no jobbar på sett og vis for Microsoft. Noko som eg tykkjer er kjekt. Problemet er arbeidstidene, som gjør at eg det er veldig lett å droppe det å gå på fjellturar eller å gjøre rutinemessige treningar her og der. Eg skal forsøke å få det til likevel.
Ellers kan det å ha stor hage være god trening. I forgårs brukte eg 3 timar av livet mitt på å klippe plenen.
Btw... Bildet over er ikkje heile plenen, altså.....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar