onsdag 30. juli 2014

Resultat veke 30 - Ein kg ned!

Cowabunga!


Eg veit ikkje om eg skal skryte, då eg hadde lagt på meg ganske mykje førre veke... Og eg er dessuten litt usikker på om eg kan stole på baderomsvekta frå Ikea. Uansett så har eg vore litt sløv den siste tida. Eg har jobba ein del då, så eg vel å skylde på det. Det har blitt litt lite situps den siste tida, og eg har spist mykje junkfood. Så ja. Det er tydelig at det har ein effekt på kroppen. Uansett så skal eg skjerpe meg igjen. Har allerede begynt med situps på ein pilatesball. Grunnen til dette er at eg bur i huset til svigers i sommer, siden eg har fått meg sommerjobb i Bergen. Altså.... Grunnen til pilatesballen, altså.

Men uansett: Eg skal prøve å komme meg ned igjen på yo-yo-vekta igjen. Er jo tross alt ikkje spennande å lese ein slankeblogg der slankebloggaren har lagt på seg og greier. Då er det kjekkare å lese ein slankeblogg der slankebloggaren ikkje klarere å komme under 92 kg.
Forøvrig har eg vore på ferie i Amsterdam. Mogleg eg nevnte det i det førre blogginlegget eg skreiv, men siden det var så kort er eg usikker på kva eg eigentleg klarte å formidle.
I Amsterdam har eg sett på kanaler, kanalbåter, kanalgater, steine turister, lokalbefolkning på sykler, lokalbefolkning på moped (uten hjelm), handlegater, fine restauranter vegg i vegg med coffeshops og ein fantastisk flott park... I tillegg var vi på Van Gogh-museumet og såg på maleri han hadde laga. Han var ganske flink å male, til tross for at han var riv ruskende gal til tider.

Poffertjes!
Ellers gjekk vi mykje flotte turar og spiste altfor god mat. 


Hotellfrukost er ikkje som andre frukostar....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar