Sjobing igjen, alle lesarar!
![]() |
Det ser ut som om det byrjar å vekse fram horn i panna mi... |
Då det plutseleg vart fredag, innsåg eg at eg ikkje har klart å holde lovnaden min om å legge ut vekta mi på torsdag (fordi eg ikkje fekk vegd meg på onsdag). Dette bunner ut i bunnløs latskap grunna sterk varme og at eg hadde svigers på besøk. I dag har vi besøk av Kristoffer, men han har ikkje stått opp enda. Sånn sett er det greiare å ha besøk av Kris enn svigers, for då slepp ein å stå så tidlig opp om morgonen.
Men siden arbeidslivet tek til igjen på mandag, så er det kanskje like greit å komme i gang med rutinene igjen.
Men siden arbeidslivet tek til igjen på mandag, så er det kanskje like greit å komme i gang med rutinene igjen.
Apropos rutiner så vegde eg meg i går, men gløymde å blogge om det.
Vekta var 94 kg, og det er mogleg eg har gått opp litt. Men alt har sine naturlege forklaringar. Eg har levd eit særs godt liv i det siste, og det tar på. Eg skal sjølvsagt prøve å gjøre noko med det, men ikkje i dag. Det er for varmt for det.
Eg har kjøpt meg to par nye sko den siste tida, då eg treng eit par fjelljoggesko som toler vatn. Dvs.. Dei eg har TOLER jo vatn, men dei er ikkje vasstette. Så dei syg inn den minste dråpe og fordelar dette jevnt utover sokkane mine. Deilig. Spesielt når ein går fjellturar på fleire timar.
Men det er jo besides the point.
Eg rota jo fram eit par fjelljoggesko i gamlestova som eg hadde gløymt at eg hadde, så gleda var stor då eg fann dei. Dei var jo av merkevaren Solomon som har tatt over store delar av hyllene på Sportsbutikkane rundt om i Noreg, så desse måtte jo være bra! Men kvifor hadde eg putta dei i ein pose og lagt dei i Gamlestova?
Eg kunne ikkje hugse det, så eg tok dei på meg og gjekk ein tur med bikkja opp til Longebotnen. Bilder frå den turen kan du forresten sjå her: (Klikk her)
Eg rota jo fram eit par fjelljoggesko i gamlestova som eg hadde gløymt at eg hadde, så gleda var stor då eg fann dei. Dei var jo av merkevaren Solomon som har tatt over store delar av hyllene på Sportsbutikkane rundt om i Noreg, så desse måtte jo være bra! Men kvifor hadde eg putta dei i ein pose og lagt dei i Gamlestova?
Eg kunne ikkje hugse det, så eg tok dei på meg og gjekk ein tur med bikkja opp til Longebotnen. Bilder frå den turen kan du forresten sjå her: (Klikk her)
Uansett.... Skoen var kjempedigg å gå med, og det gjekk leikande lett oppover bakkane, på glatte steinar og i blaute myrer. Men... Kva i alle dagar var det som holdt på å skje med høgrefoten min? Det kjentes ut som om nokon prøvde å forminske foten min i ei skrutvinge, og det gjekk mest ut over stortåa og vesletåa. Og verre vart det. Måtte kaste ullsokkane undervegs og gå barbeint, uten at det hjalp nevneverdig. Men eg var jo så nær toppen, at eg måtte jo fullføre turen. Det eg ikkje tenkte på var jo at dei smertene eg som smått begynte å kjenne på veg opp, var berre barnemat i forhold til dei smertene som skulle intreffe på veg ned igjen. Så når eg kom ned igjen og såg dei skamfarne tærne mine så kom eg på kvifor skoa havna på hylla in the first place.
Så eg bestemte meg for å forsøke å selge dei. Hittil har eg ikkje fått nokon bud, men det er lov å håpe. Dette er faktisk det andre skoparet frå merkevaren Solomon eg har måtte gi frå meg fordi dei rett og slett har designa skoen til å ta livet av føttene mine. Eller. Høgrefoten min. Den venstre lev i beste velgåande.
No har eg uansett bestilt eit par sko frå Viking. Vikingane har jo vore relativt godt representert i Noreg heilt sia vikingtida, så eg går ut i frå at dei veit korleis ein norsk fot ser ut.
Så eg gledar meg til å prøvekjøre desse nydelege skoa når dei kjem i posten. Eg anar ikkje kvifor joggeskoprodusenter har bestemt seg for at joggesko generelt skal sjå ut som sceneshowet på Hyperstate 1995, men eg går ut i frå at dei fleste designere innenfor sportsbransjen har levd eit tøft liv i rushelvetet før joggeskobransjen valgte å ta dei under sine vinger.
![]() |
Bildet er "stjelt" frå http://heltnormalt.no/truthfacts/2013/02/22 |
Uansett. Grunnen til at eg ikkje la ut eit blogginlegg om vekta mi i går var fordi eg var på sykkeltur.
Etter at eg hadde sykla var eg sosial, og så kom plutselig Kris og då vart eg full. Så derfor, kjære lesarar svikta eg nok ein gong. Håpar at du som framleis les dette klarer å sjå mellom fingrane at eg svikta deg og dine i går, og at vi kan gå ei ny tid i møte med nye mål og nye lovnader som ikkje skal gå til helvete.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar