onsdag 16. juli 2014

Resultat veke 28 - Omtrent samme greia

Juppiduppideisann!


God kveld alle blogglesarar! I dag har eg ikkje tenkt å skrive opp vekta mi, fordi den er heilt lik det den var førre veke. Akkurat som måneden før der igjen, osv osv. Kanskje eg skulle gjøre ein innsats for å gå ned nokre kg til. Men ikkje denne veka.

Så kva kan eg fortelje om denne veka då? Eg har gått på fjellturar, og eg har jobba litt i Bergen! Om eg skal være litt meir detaljorientert, så kan eg jo fortelje at eg har fått meg nye fjellsko! Desse er heilt enorme!
Då meinar eg ikkje at dei er kjempestore, men at dei var fantastiske å gå i. Vasstette og det heile. Om eg skal pirke litt, så må det være at dei er så grønne at dei nærast lyser i mørke. Men no har eg testa dei både til å gå i, og til å springe med i røft terreng. Eg er nøgd, og då kan eg jo anbefale dei til andre....
(Slapp av VG... Eg er ikkje sponsa av Viking, Gore Tex, Al Gore eller boa)
Men ja. Kva ellers kan eg nevne? Eg har gått på toppen av Bolsetnipa, spist fantastisk god burger heime på grillen og vore på fest med Kristoffer både heime i Jølster og i Bergen.
Det dyraste var å feste i Bergen. Det er herved notert.

Men no gidder eg ikkje å skrive meir. Eg skal prøve å skrive meir veka etter neste veke. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar