onsdag 2. juli 2014

Veke 26 - Dunke hovudet i veggen

Fallerallera!



Då var det onsdag igjen, og det er jo på tide å stige opp på badevekta, fiske fram mobilen og knipse bilder av meg sjøl i spegelen på badet fordi dei skal leggast ut på internettet slik at folk kan lese om at vekta mi står i ro. At dette skulle bli ein del av mine vanlige rutiner hadde eg ikkje trudd då eg var liten. Då trudde eg at eg kom til å få eit vanleg yrke som politi, brannmann eller rockestjerne.
Men slik har det altså blitt. Det at det er onsdag i dag kom litt overraskande på meg, faktisk. Når eg no har vore arbeidsledig eit par veker, så blander eg fort dagene sammen.
Har fått meg sommerjobb, da. Skal til Oslo på fredag på opplæring. Det blir sikkert kjekt. Men må grisetidlig opp for å ta flyet. Kunne nesten ha kjørt heile vegen til Oslo og komme fram i tide når eg tenker på det. Trur eg må opp klokka fire. Så eg har begynt å tørrtrene på å stå tidlig opp. I dag sto eg opp klokka sju, og i går sto eg opp klokka seks. Feil utvikling, men eg var trøtt.
Totalt random bilde av hunden som bader i Jølstravatnet.
Men på fredag må eg opp klokka fire. Hadde det ikkje vore for at eg burde prøve å gjøre eit godt førsteintrykk når eg byrjar i ny jobb så hadde eg vurdert å døgne......
Men ja. Vekta, sa du? Den har blitt 93,8. Eg har altså gått opp litt igjen. Ikkje så rart. Eg har spist og herja som ein gresk diktator den siste tida, pluss at eg har vore litt småsjuk og har derfor ikkje orka å gjøre så mykje som eg pleier. Kona derimot har vore på fleire lange fjellturer, og burde kanskje stilt opp i stedet for meg denne veka.
Uansett så skal eg jobbe i Bergen neste veke, og då kan eg jo forsøke å bestige eit (eller fleire) av dei sju fjell. Evt drikke eit par 7-Fjell øl i stedet. Time will show. 
Sånn slankebloggmessig så er det sikkert lurare at eg går for fjelltur, og eg har jo eit visst ansvar for den faste gjengen med lesarar eg har der ute. 
Er det nokon ønsker dykk har for bloggen i ferien? Skal eg forsøke å gå ned meir? Er det ei utfordring dykk har? Eit fjell eg skal bestige? Ein sykkeltur eg burde ta? Kom med forslag, så skal eg vurdere å gjennomføre dei!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar