onsdag 29. oktober 2014

Oversikt veke 43 - Eg har ikkje gløymt å blogge, altså!!!!

Halla'

Aaargh «#¤#»T»¤&! No trur dykk kanskje eg lyg, men eg hadde begynt på eit lengre blogginlegg der eg eigentleg starta med å fortelje dykk at eg hadde mykje på hjartet. Så skreiv eg litt om at vekta mi overraskande nok var på heile 94 kg, og eg gjekk deretter inn på ein sarkastisk utgreiing om kor overraskande dette faktisk var. Så tenkte eg å informere dykk om kva som var årsaka til at eg har gått opp igjen frå 93 kg, som eg påpeika at den meir observante lesar allereie hadde fått med seg. Det heile fortona seg i ein særs morosam tekst, som på ein eller annan måte forsvann då eg oppdaga noko rot med fonten som ikkje lot seg ordne. Så eg måtte begynne heilt på nytt. Og det er vanskeleg å være like morosam når ein skriv ting to gonger. Likevel har eg mykje på hjarta denne veka, og eg lyt skunde meg å få plotta det ned før klokka blir 0:00 og det ikkje lenger er onsdag.

Så kva har skjedd? Kvifor har eg gått opp i vekt?
Jo, eg vel å legge skulda på denne kaka her:

Dykk skjønner det at for to år sidan gjorde eg noko eg aldri har gjort før. Eg gifta meg med Ingrid. Og visstnok er det slik at når ein giftar seg, så lyt ein feire dette med hjortekjøtt, raudvin og kake.
(Foto: Vegard Fimland)
 Sjølvsagt veit jo alle som driv med slanking og/eller slankeblogging at kake er noko ein helst skal halde seg unna om ein skal gå ned i vekt, og det har eg ikkje gjort denne veka. Det er derfor eg vel å legge all skuld på kaka. Eg trur ikkje chipsen, sjokoladen eller alle bakevarene eg har ete tidlegare i veka har noko med saka å gjøre.

Elles kan eg melde av vi har byrja å brygge igjen! Hittil denne veka har vi brygga heile 2 brygg (!). Dvs. Det var Ingrid som brygga det eine heilt aleine. Kudos!
Av masken (det som er igjen av malten etter meskinga) har eg baka brød. Det smakar heilt himmelsk!




For dykk som likar brød (og denslags), så kan dykk få oppskrifta her:

Oppskrift på brød:


Stapp 550 g speltmel/kveitemjøl (om du toler denslags) i ein bolle
Tilsett ca 100 g mask (evt tilsett 450 g mel og 190 g mel av ein grovare type om du ikkje har mask)
Kjør på med ca 5 dl vatn
Stapp oppi 3 ts salt
Kjør oppi 3/4 teskje med tørrgjær

Rør sammen røra i ein balje, og legg på lokk. Du kan evt legge over plastfolie og/eller eit kjøkkenhåndkle. La deigen stå i 12-24 timer.
Brødet skal steikes i ein Romertopf. Denne legg du i vatn i ca ti minutter før du stappar den i ovnen og setter den på 250 grader. I mellomtida sleng du deigen på disken over noko mjøl. Klask litt på den, og brett den saman nokre gonger og sørg for at den er dekka i nyt mjøl.
Når ovnen er varm nok (min seier pling), så tek du ut leirgryta og slenger deigen oppi. Deretter set du på lokket og lar den stå i ca 45 minutter (tida kan variere då det kjem an på ovn, gryta ect ect). Når den har stått så lenge tek du av lokket og lar den stå ei stund til uten lokk. Er du heldig, har den ikkje svidd seg fast i botnen.
Sjekk om brødet er ferdig. Om ikkje, så lyt det steike litt lenger. Eg prøver å finne ut kor lenge det bør stå, men det er ikkje lett. Eg hadde btw litt honning på toppen av mitt. Det gir litt glans og smak til brødet. Liker du ikkje honning, drit du sjølvsagt i dette. Eg innser jo no at eg skulle latt brødet steike lenger på svakere varme. Det vart ikkje heilt ferdig. Kanskje lurt å ta på honningen etter at brødet har steikt under lokk ei stund, då det såg ganske godt stekt ut pga honningen... Men ja. Ein lærer så lenge ein lever.
Bon apetitt!

Såh! Jah. Kva no?
Jo. Om ca 2 veker har eg bursdag. Ikkje nokon stor dag, men eg blir heile 34 år. I det høvet så tenkte eg å legge ut eit bilete av noko eg ynskjer meg til bursdagen:

Ei magnetfjøl som held knivar!!!!
Ja. Du såg rett. Ei fjøl. Med magnet i, som ein kan henge knivar på. Det likar eg. Så om du er i kjøpemodus, og ynskjer å støtte favorittslankebloggaren din så veit du kva du skal kjøpe!

Elles har eg hatt nokre utfordringar når det gjeld store mengder nedbør og båthuset mitt, men av respekt for alle som har mista både hus, bil og alt som det innebærer så skal eg la være å sutre over det her. 


Så med det seier eg takk for meg, og god natt. No skulle eg ha smakt på det nybakte brødet mitt men klokka har blitt så mykje at det ikkje er forsvarleg å ete så seint på kvelden. Mogleg eg gjør det likevel. You will never know! Muhahahahaha!


onsdag 22. oktober 2014

Oversikt veke 42 - Ein blå vegg

Juba Juba!

Plutseleg er det onsdag, og eg står nok ein gong på badet iført noko som kan minne om ei dongeribukse og tek bilete av meg sjøl i spegelen. Noko som ikkje burde være ei overrasking for nokon av dykk. Litt overraskande er kanskje regnjakka i bakgrunnen, men den er Ingrid sin. Eg trur ho har hengt den til tørk. Litt rart det der, at i 2014 så får ein nesten ikkje tak i regnjakker som tåler regn lenger. Dei skal puste, og sjå ut som lysshowet på Hyperstate i 1996, men ikkje pokker om dei beskytter deg mot regnet. Då var dei gamle bedre. Om ein ser vekk i frå at ein ofte vart så svett når ein gjekk med dei at man uansett var like våt på innsida av jakka, sjølv når det ikkje regna. Men uansett. Vekta... Vekta er faktisk 93 kg. Og klærne på skittentøyskurven? Det er dei eg hadde på meg då eg plutseleg kom på at eg hadde gløymt at det var onsdag. Så då måtte eg kle av meg alt, stå på vekta, kle på meg buksa igjen og knipse laus. 

Ellers har eg brukt helga til å male. Eg har til og med sparkla. Fekk litt hjelp med sparkelen her og der, men det er fordi det er noko eg rett og slett ikkje mestrar. Eg er ingen sparklar. Eg er ikkje nøyaktig nok. Dessuten har eg rota vekk sparkelspadane mine, og ikkje pokker om eg klarer å finne dei. Eg finner heller ikkje ladaren til handsfreesettet mitt. Eg hatar å leite etter ting. Eg bruker alt for mykje tid av livet mitt på leiting. Det trur eg kjem til å være ein av tingen eg kjem til å angre på når eg blir eldre. At eg sløste vekk så mykje tid og krefter på å leite etter alt mulig. 
I tillegg har eg jobba med reiseregninger. Det vil være den andre tingen eg vil angre på. At eg ikkje klarer å konsentrere meg 100% når eg jobber med reiseregninger. Eg veit ikkje kva som skjer, men i det eg skal jobbe med noko eg tykkjer er kjedelig, så blir plutselig ALT rundt meg meir interessant. Internett, for eksempel. Eller støv. Rydding. ALT! Men til slutt, når eg endelig klarer å komme i gang, så er eg ganske effektiv og flink. *Klapp på skulderen*

MEN. ja. Ellers kan eg jo nevne at min gode venn KRISTOFFER har BURSDAG i dag, og sånn. Då passer det jo å markere dette med ein musikkvideo:

Men no gidder eg ikkje å blogge meir i dag. Eg skal spise nybakt brød (som Ingrid har baka) og nyte livet. Namnam. Vi snakkes!

onsdag 15. oktober 2014

Oversikt veke 41 - Ikkje akkurat ei oversikt

Hallais!



I dag vart det heilt plutseleg onsdag, og eg var ikkje forberedt i det heile. Kva betyr det, tenker kanskje du (som ikkje driv aktivt med slankeblogging), og det kan eg enkelt forklare. Eg var ikkje klar over at det var onsdag i dag, før dagen var komme godt i gang. Og eg hadde reist til Førde. Derfor rakk eg ikkje å ta bilde av meg sjøl då eg vakna, ei heller rakk eg å vege meg då eg sto opp. Så eg har spist både frukost og lunch, samt eit par Dent før eg sto på vekta i dag. Den var 93,4 kg. Så eg har altså gått ned i vekt. Men slapp av. Musklar veg meir enn fett, og eg trur eg har mista musklar... Ikkje fått mindre fett på kroppen. 
Men dette skal eg sjølvsagt få orden på. Berre ikkje i dag. I dag har eg forresten gått tur. Det var koseleg. Eg likar hausten. Høsten er fin. Om du vil sjå bilete eg har teke av hausten, så kan du sjekke ut albumet mitt på Facebook. Eg likar å skrive "sjekke ut albumet mitt", omtrent som om eg var ein artist som har gitt ut eit album. Det har eg ikkje, altså. 
Ellers har eg oppdaga at nokon har ripa opp døra på bilen min i dag. Det er alltid like kjekt. Det skjedde for to veker siden med ein leigebil eg hadde, og no skjedde det med min bil. 
Det er ganske irriterende at folk gjør sånt, iallefall uten å seie i frå. 

Ellers har eg laga mykje mat i det siste. Grunnen til dette er at eg gjekk til anskaffelse av ein såkalla Römertopf. Ei leirgryte. Altså.. Ei gryte av leire. Funker ganske dårlig på induksjon, tenker sikkert du... Og det har du heilt rett i. Men ei leirgryte stapper ein inn i ovnen. Eg har baka brød i den, og eg har laga pulled pork. Heilt fantastisk. 
Eg smeller inn eit par før/etter-bilder for å forklare kva eg meiner. 

Oppskrift finner du her



Men er det komplisert då? Nei. Ikkje i det heile. Men det krever litt forarbeid. Altså... Å lage pulled pork, altså. Eller. Det å bake brød og, når eg tenker meg om. Men det blir godt, altså. Eg skulle sikkert ha linka til eit par sider der dykk kan lære å lage ting i ein Römertopf, men har du klart å rote deg inn på ein nettlesar slik at du kan lese slankebloggen min, så klarer du å Google deg fram til eit par oppskrifter på brød i leirgryte

Men no skal vi snart spise pulled pork, faktisk. Så vi snakkes! Stor slankebloggeklem frå Frank, Ingrid og Jostein Gabriel. 



onsdag 8. oktober 2014

Resultat veke 40 - Home again!


Hu-hei... Hu-hei .

Ny veke, nytt innlegg i slankebloggen som eigentleg ikkje handlar så mykje om slanking. 94 kg på vekta, og like blid. Synd eg ikkje smiler på bildet. Eigentleg smilte eg på bildet, men så såg eg så rar ut (noko man ofte gjør når man smiler til seg sjøl i bar overkropp på baderommet). 
Så kva nytt kan eg fortelje i dag då, tenker du. Mogleg du ikkje tenkte det. Mogleg du funderer over kva i alle dagar du driv med siden du klikka deg inn på denne linken. Men eg går sjølvsagt ut i frå at du sit og klamrar deg fast i setet og les denne bloggen med samme iver og leselyst som når du leste boka Min Kamp av Knausgård (ikkje A. Hitler sin versjon). No skal eg innrømme at eg ikkje har lest nokon av bøkene eg nettopp nevnte, men eg går ut i frå at det er enklare å lese slankebloggen min. Kun basert på mengden tekst. Knausgård har og vokst opp i Jølster, trur eg. Uansett. Ikkje viktig. Drit i Knausgård. 
For eg har komme heim etter å ha vore innom både Trondheim, Oslo, Molde, Ålesund, Ulsteinvik, Stavanger, Lillestrøm, Lørenskog, Tromsø og Bergen dei to siste vekene. Så det første eg då måtte gjøre var å gå ein lang fjelltur. Då var fjellet Orkja eit naturleg val. Naturleg fordi det ligg på tvers over vatnet frå der eg bur, og naturleg fordi eg følte at det var poetisk å skrive. Ingrid har ikkje vore der før, og har man ikkje vore her før så bør man ta seg ein tur. Utsiktsmessig er det ganske flott. 
Ein har utsikta store deler av turen, og ein kan sjå ganske langt. Om ein set pris på denslags, sjølvsagt. Noko eg gjør. Eg gjorde det ikkje då eg var yngre, men eg trur det er noko ein byrjar å sette pris på når man blir eldre. 

Ellers har eg lite nytt å melde. Jostein Gabriel røyter som fy, og eg får besøk om ikkje så lenge. Så eg må støvsuge og vaske litt. Det byrjar å haste, så eg må logge av. Eigentleg skal eg ikkje logge av. PC'en kjem til å stå her den. Men eg nyttar høvet til å bruke utrykket. 
Orkja sett frå huset mitt. 
Huset mitt sett fra Orkja.

onsdag 1. oktober 2014

Resultat veke 39 - På hotell

Hey ho, desperado


Plutselig kom eg på at eg hadde gløymt å blogge! Eg sto fullt påkledd, med ferdig pakka bag og alt og skulle berre ned og hente meg ein kopp kaffe før eg satte kursen mot jobb då eg kom på at det var onsdag i dag, og at det var tid for å blogge. 

Så da var det berre å vrenge av seg fillene, og posere i velkjent stil på badet. Problemet er at eg hverken har slanka meg, eller stått på vekta i det siste. Særleg sunn har eg heller ikkje vore, sjøl om eg har prøvd etter beste evne. Så kvar i verda er eg? Eg er i Tromsø. Og i går? Lillestrøm, må vite. Og dagen før, spør du kanskje? I Stavanger. 
Akkurat denne veka har eg vore såpass aktiv på jobb at eg bruker det som unnskyldning for ikkje å ha trent. 
Pluss at eg har vore på middager som ser slik ut. Det gir ikkje plusspoeng i slankeboka. 
Men eg har i det minste hatt litt jobb å gjøre desse vekene, og det er meir enn eg kan skryte av å ha gjort vekene før. Som deltidsansatt aktiv jobbsøkende, så er livet ganske hektisk til tider. 
Men nok om sutring. Eg satser på å få meg ein fast jobb om ikkje så alt for lenge. Intill da, så burde eg kanskje fokusert på å få stramma opp kroppen, og det er kanskje det eg burde gjøre. 
Vekta veit eg ikkje, men eg var 94 på søndag. Ser ut som om 2014 blir det store 94kg-året".