Hu-hei... Hu-hei .
Ny veke, nytt innlegg i slankebloggen som eigentleg ikkje handlar så mykje om slanking. 94 kg på vekta, og like blid. Synd eg ikkje smiler på bildet. Eigentleg smilte eg på bildet, men så såg eg så rar ut (noko man ofte gjør når man smiler til seg sjøl i bar overkropp på baderommet).
Så kva nytt kan eg fortelje i dag då, tenker du. Mogleg du ikkje tenkte det. Mogleg du funderer over kva i alle dagar du driv med siden du klikka deg inn på denne linken. Men eg går sjølvsagt ut i frå at du sit og klamrar deg fast i setet og les denne bloggen med samme iver og leselyst som når du leste boka Min Kamp av Knausgård (ikkje A. Hitler sin versjon). No skal eg innrømme at eg ikkje har lest nokon av bøkene eg nettopp nevnte, men eg går ut i frå at det er enklare å lese slankebloggen min. Kun basert på mengden tekst. Knausgård har og vokst opp i Jølster, trur eg. Uansett. Ikkje viktig. Drit i Knausgård.
For eg har komme heim etter å ha vore innom både Trondheim, Oslo, Molde, Ålesund, Ulsteinvik, Stavanger, Lillestrøm, Lørenskog, Tromsø og Bergen dei to siste vekene. Så det første eg då måtte gjøre var å gå ein lang fjelltur. Då var fjellet Orkja eit naturleg val. Naturleg fordi det ligg på tvers over vatnet frå der eg bur, og naturleg fordi eg følte at det var poetisk å skrive. Ingrid har ikkje vore der før, og har man ikkje vore her før så bør man ta seg ein tur. Utsiktsmessig er det ganske flott.
Ein har utsikta store deler av turen, og ein kan sjå ganske langt. Om ein set pris på denslags, sjølvsagt. Noko eg gjør. Eg gjorde det ikkje då eg var yngre, men eg trur det er noko ein byrjar å sette pris på når man blir eldre.
Ellers har eg lite nytt å melde. Jostein Gabriel røyter som fy, og eg får besøk om ikkje så lenge. Så eg må støvsuge og vaske litt. Det byrjar å haste, så eg må logge av. Eigentleg skal eg ikkje logge av. PC'en kjem til å stå her den. Men eg nyttar høvet til å bruke utrykket.
Orkja sett frå huset mitt. |
Huset mitt sett fra Orkja. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar