Hei sveis!
I dag blir det ikkje skreve så mykje. Men eg er vel teknisk sett ferdig med å slankeblogge, trur eg. Det var i alle høve planen min.... Eller kven prøver eg å lure. Eg har da ingen plan. Eg skulle berre følje nyttårsforsettet mitt. Og det var at eg skulle slankeblogge. Så det har eg gjort. Har eg slanka meg då? Tja.. Eg har jo forsåvidt det. Eg gjekk frå 104 kg til 93 og 94. Vingla der kjempelenge. Men eg gjekk jo ned. Og eg holdt det jo ved like... Sånn bortsett frå i desember, då. Då har eg lagt på meg litt igjen. Eg har slitt med langvarig forkjølelse, altfor god mat, mandelhattar og potetgull.....
Men kva gjør no det? No er eg 98 kg, og skal få det vekk igjen.
Men kva gjør no det? No er eg 98 kg, og skal få det vekk igjen.
Eg lover... Men eg er usikker på om eg gidd å slankeblogge meir.
Takk til alle som har vore faste lesarar. Det er litt meir motiverande å blogge når nokon faktisk gidd å lese det ein skriv.
Takk til alle som har vore faste lesarar. Det er litt meir motiverande å blogge når nokon faktisk gidd å lese det ein skriv.
Videoen som er vedlagt er det raraste eg nokon sinne har redigert... Sannsynligvis.