onsdag 3. desember 2014

Resultat veke 48 - Saft suse

Yo-ho-ho!

Ja. No er det tredje desember og eg har allerede motteke første julepresang. )Takk for det, Siren).
Siden alt dykk bryr dykk om er vekta, så får eg ta den først. Den er 94,5 kg. Altså. Eg har lagt på meg. Noko kanskje bildet viser. Men eg har gode unnskyldninger, altså. Eller. Eg veit ikkje om dei er så gode, men eg kan jo prøve å late som. Men eg har i det minste vore på sirkeltrening igjen, da. BÅDE i dag og på mandag. Dette begynner å ta seg opp. Ellers har eg vore flink med malerkost (men ikkje så flink med sparkelen), og eg har vore på jobbintervju. Planen er å få meg fast jobb, faste rutiner og å bli sunn igjen. Er litt lett å dette ut av gode rutiner når ein berre har ein deltidsjobb med særs varierende arbeidstider.
Eigentleg hadde eg planer om å ikkje stå i bar overkropp i dag når eg tok bildet, men eg endte opp med å flerre av meg tskjorta likevel. Kva gjør ein ikkje for sine faste lesarar?
Uansett. Eg har vore på sirkeltrening igjen, og der har eg trena. Men det har eg jo allerede sagt. Herregud så kjedeleg denne bloggen skulle bli på slutten av året.... Ein skulle nesten tru at eg skulle kunne klare å oppretthalde underhaldningsnivået når eg berre har 3-4 veker igjen, men dengang ei. Mogleg eg skal blogge tidlegare på dagen, og ikkje seint på kveld slik som no.....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar