onsdag 24. desember 2014

Oversikt veke 51 - God Jul!

Ho, ho, ho!



Jula kom snikende i år og, og eg må komme med ein innrømmelse. Eg blogga ikkje i forrige veke. Eg hadde tenkt å gjøre det, men så gadd eg ikkje. Rett og slett. Har blitt lat på mine eldre dager. Sånt kan skje. Så kva kan eg rapportere frå dei siste dagene?
Eg har vore forkjøla. Ganske lenge. Nesten to veker, sånn ca. Skikkelig seig forkjølelse. Så det har blitt lite trening. Ellers kan eg melde at sist eg sto på vekta var den 95 kg, og at det sjølvsagt ikkje er bra. Menmen. Det får være. No er det jul, og då skal det etast!
Apropos det, så har eg vore på skitur i dag. På sjølvsagte 24 desember. Det heiter strengt tatt ikkje julafta eller julekvelden før på kvelden, så eg veit ikkje kva eg skal kalle dagen. 
Dette er den andre skituren denne veka, så eg tykkjer eg har vore flink. Har vore på totalt 5 skiturer i heile år, og 3 av dei  har vore på slutten av året. Det var jo ikkje snø forrige vinter. Sikkert den nye regjeringa si skuld. Så målet for neste år er å få gått litt meir på ski. 

Apropos film, så fekk eg denne i "julegåve" av Google+, Eg håper at dykk vil sette like lite pris på den som eg har gjort,  og at de vil tilgje at eg ikkje blogga i førre veke. Då var eg 94 kg og like blid. 



Årets juletre var eit artig tilfelle av tilfeldigheter. Det var ei gran som gav etter for presset då snøen vart for tung, og som knakk rett foran oss då vi var på skitur. Planen vår var å finne eit juletre når vi var ferdig med skituren som vi skulle ta med oss ned igjen, så vi hadde både sag og tau i sekken. 


Så då fekk vi kappa det litt og slept det med oss ned igjen. Då har vi god samvittighet for at vi ikkje har drept noko tre i år (grisen til svineribba er det verre med), og vi har fått eit flott lite (litt spinkelt, men dog sjarmerende) tre inn i stova vår. 

Og med dette treet, og verdens søteste Jostein Gabriel så vil eg ønske alle slankebloggfølgarane mine ei riktig god jul! Huska at julematen skal man nyte, så drit i slanking og sånt tull no i slutten på desember ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar