torsdag 11. desember 2014

Resultat veke 49 - Ned i vekt

Olá a todos! Bem-vindo à minha magia magro do blog!



Hei allesammen! Eg blogga ikkje i går, eg. Rart det der. At ein skulle bli slurvete på slutten av slankebloggåret, var det vel få som hadde forventa. At eg har gidda å slankeblogga meg heilt ut i desember, var det vel heller ingen som trudde. Evt så var det mange som trudde det, men ikkje eg.
Men kva nytt har eg å melde i dag då? Eg har gått ned ein kg! Dette er i samband med jula, og kor mykje pinnekjøtt eg har tenkt å ete første juledag. Så no er eg heile 93 kg. 93 kg, ladies & gentlemen! Ja. Kva kan eg seie? Jo. Altså. Eg har farta mykje rundt i det siste. Til og med vore i Oslo 2 gonger i løpet av ein mandag, og eg har sove ytterst lite. Eg har lagt gulv!
I tillegg har eg vore på sirkeltrening, men det har eg ikkje bilde av no. Så har eg blitt litt småsjuk. Sikkert fordi eg var vaken i 22 timer på mandag. Men eg håper at det gir frukter. Meir om dette kan eg sikkert skrive neste veke. Uansett så har eg vore i Oslo i helga!
 Her har eg feira jul med den delen av familien som skal reise til New Zealand eller Australia i jula. Kanskje feil å bruke "eller", skulle kanskje ha retta det til "og", siden dei skal begge plassar. Uansett, så vart flyet til Sogndal kansellert, og eg og kona måtte tilbringe ei ekstra natt på Gardermoen. På flyplasshotellet er det meget tørr luft, så eg fekk ikkje sove lenger enn til klokken 3 om natta. Dagen etter flaug vi til Sogndal og henta bilen. Vel heime rakk eg å ta eit bad og å spise lunch før eg satte kursen mot hovudstaden igjen. Der var eg på jobbintervju. Korleis det gjekk, og kven det var med skal eg vente med å fortelje. Det kan jo faktisk hende at eg ikkje får jobben. Men ja. Eg håper at eg får den, naturlegvis. Noko anna ville jo ha vore merkeleg. 
Men ja. Eg har lagt gulv. I rommet eg har malt og styra på med dei siste vekene. Eg tykkjer det begynner å bli bra. Eg har ikkje fått satt opp lister enda, men det skal vi få ordna. 
Jostein Gabriel har til og med fått sin eigen kosekrok.under trappa. Her driv han og tester den ut. 
Uansett så trur eg at det blir eit koseleg rom når eg har fått orden på listene og dørslaget. Ikkje dørslaget. Det er noko anna, men dykk skjønner kva eg meiner. 

Men sjølv om eg ikkje blogga i går, så har eg i det minste teke bildene i går.  Det må jo telle for noko, eller?  Vekta er og den samme som i går. Så det er eit bra teikn.
Men ja. No må eg legge meg snart. Er særs sliten i dag. 

God natt, folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar