Halla'
Aaargh «#¤#»T»¤&! No trur dykk kanskje eg lyg, men eg
hadde begynt på eit lengre blogginlegg der eg eigentleg starta med å fortelje
dykk at eg hadde mykje på hjartet. Så skreiv eg litt om at vekta mi
overraskande nok var på heile 94 kg, og eg gjekk deretter inn på ein sarkastisk
utgreiing om kor overraskande dette faktisk var. Så tenkte eg å informere dykk
om kva som var årsaka til at eg har gått opp igjen frå 93 kg, som eg påpeika at
den meir observante lesar allereie hadde fått med seg. Det heile fortona seg i
ein særs morosam tekst, som på ein eller annan måte forsvann då eg oppdaga noko
rot med fonten som ikkje lot seg ordne. Så eg måtte begynne heilt på nytt. Og
det er vanskeleg å være like morosam når ein skriv ting to gonger. Likevel har
eg mykje på hjarta denne veka, og eg lyt skunde meg å få plotta det ned før
klokka blir 0:00 og det ikkje lenger er onsdag.
Så kva har skjedd? Kvifor har eg gått opp i vekt?
Jo, eg vel å legge skulda på denne kaka her:
Dykk skjønner det at for to år sidan gjorde eg noko eg aldri
har gjort før. Eg gifta meg med Ingrid. Og visstnok er det slik at når ein
giftar seg, så lyt ein feire dette med hjortekjøtt, raudvin og kake.
 |
(Foto: Vegard Fimland) |
Sjølvsagt veit jo alle som driv med slanking og/eller
slankeblogging at kake er noko ein helst skal halde seg unna om ein skal gå ned
i vekt, og det har eg ikkje gjort denne veka. Det er derfor eg vel å legge all
skuld på kaka. Eg trur ikkje chipsen, sjokoladen eller alle bakevarene eg har
ete tidlegare i veka har noko med saka å gjøre.
Elles kan eg melde av vi har byrja å brygge igjen! Hittil
denne veka har vi brygga heile 2 brygg (!). Dvs. Det var Ingrid som brygga det
eine heilt aleine. Kudos!
Av masken (det som er igjen av malten etter meskinga) har eg baka brød. Det
smakar heilt himmelsk!
For dykk som likar brød (og denslags), så kan dykk få oppskrifta her:
Oppskrift på brød:
Stapp 550 g speltmel/kveitemjøl (om du toler denslags) i ein bolle
Tilsett ca 100 g mask (evt tilsett 450 g mel og 190 g mel av ein grovare type om du ikkje har mask)
Kjør på med ca 5 dl vatn
Stapp oppi 3 ts salt
Kjør oppi 3/4 teskje med tørrgjær
Rør sammen røra i ein balje, og legg på lokk. Du kan evt legge over plastfolie og/eller eit kjøkkenhåndkle. La deigen stå i 12-24 timer.
Brødet skal steikes i ein Romertopf. Denne legg du i vatn i ca ti minutter før du stappar den i ovnen og setter den på 250 grader. I mellomtida sleng du deigen på disken over noko mjøl. Klask litt på den, og brett den saman nokre gonger og sørg for at den er dekka i nyt mjøl.
Når ovnen er varm nok (min seier pling), så tek du ut leirgryta og slenger deigen oppi. Deretter set du på lokket og lar den stå i ca 45 minutter (tida kan variere då det kjem an på ovn, gryta ect ect). Når den har stått så lenge tek du av lokket og lar den stå ei stund til uten lokk. Er du heldig, har den ikkje svidd seg fast i botnen.
Sjekk om brødet er ferdig. Om ikkje, så lyt det steike litt lenger. Eg prøver å finne ut kor lenge det bør stå, men det er ikkje lett. Eg hadde btw litt honning på toppen av mitt. Det gir litt glans og smak til brødet. Liker du ikkje honning, drit du sjølvsagt i dette. Eg innser jo no at eg skulle latt brødet steike lenger på svakere varme. Det vart ikkje heilt ferdig. Kanskje lurt å ta på honningen etter at brødet har steikt under lokk ei stund, då det såg ganske godt stekt ut pga honningen... Men ja. Ein lærer så lenge ein lever.
Bon apetitt!
Såh! Jah. Kva no?
Jo. Om ca 2 veker har eg bursdag. Ikkje nokon stor dag, men eg blir heile 34 år. I det høvet så tenkte eg å legge ut eit bilete av noko eg ynskjer meg til bursdagen:
 |
Ei magnetfjøl som held knivar!!!! |
Ja. Du såg rett. Ei fjøl. Med magnet i, som ein kan henge knivar på. Det likar eg. Så om du er i kjøpemodus, og ynskjer å støtte favorittslankebloggaren din så veit du kva du skal kjøpe!
Elles har eg hatt nokre utfordringar når det gjeld store mengder nedbør og båthuset mitt, men av respekt for alle som har mista både hus, bil og alt som det innebærer så skal eg la være å sutre over det her.
Så med det seier eg takk for meg, og god natt. No skulle eg ha smakt på det nybakte brødet mitt men klokka har blitt så mykje at det ikkje er forsvarleg å ete så seint på kvelden. Mogleg eg gjør det likevel. You will never know! Muhahahahaha!