tirsdag 25. februar 2014

Resultat veke 8: - Samme vekt, og like trøtt!

Det er alt for tidlig om morgonen folkens, og eg står halvnaken framføre spegelen og tek bilder av meg sjøl.
Men siden det er onsdag, så er jo det blitt heilt vanleg no i 2014.
Har eg noko nytt å melde? Nja. Nei. Ikkje eigentleg. Eg veg omtrent det samme no som sist. 95 kg. Samtidig så har eg blitt såpass trent at eg no merker veldig godt at eg hadde fest i helga. Eg var redusert i 2-3 dager etterpå. Sirkeltreninga på mandag var ekstra tøff, men eg deltok etter beste evne.
Eg har forresten justert inn eit hakk på beltet mitt no, noko eg stolt viste fram til kona i går. "Sjå her!", sa eg med iver i stemma. "Eg har gått inn eit hakk på beltet mitt!"
Kona mi såg på meg, deretter på beltet mitt. "Det er jo eit skinnbelte", sa ho. "Det har jo utvida seg".



onsdag 19. februar 2014

Resultat veke 7 - Intet nytt under solen

I dag ville eg begynne med å sitere ein rap-låt......






Men så kom eg på at eg er ganske framand i rap og hiphop-landskapet....
Så når eg skulle finne på ein låt eg kunne sitere, så var det første eg kom på "Gangsta’s Paradise" med Coolio. No som eg har lese gjennom teksten på låta, fann eg ut at det ikkje var nokon sitat i den låta eg kunne nytte til å ønske folk velkommen til ein slankeblogg.





Eg kjenner jo sjølvsagt til andre låter som td «Stan» av Eminem, «Walk This Way» med Run DMC og «Hits From The Bong» med Cypress Hill. Heller ikkje desse fekk eg til å passe inn i slankebloggkonseptet mitt. 

Eg la merke til at dei fleste låtene eg ramsa opp over er ganske "old school", som dei seier i hettegensarmiljøet. Dette er sikkert fordi eg har byrja å bli gammal, eller at det rett og slett finns så mykje drit av moderne musikk der ute. Men av og til dukkar det opp eit par låtar som kan være verdt å høyrde. Som td. denne låta frå artisen Atmosphere. 
Ikkje akkurat ein treningslåt, men eg tykte den var fin åkkesom. 


Kva har eg gjort i helga, seier du?

Eg har kosa meg glugg. Eg har spist masse god mat (taco og biff), og smakt på mykje spennande øl eg har laga sjølv. Spennande fordi eg ikkje visste korleis det ville smake. Eg har og gått flotte turar i måneskinnet, og vore på sirkeltrening. Eg skal til og med tilstå at eg spiste chips i helga. Og posen med vingummi er borte vekk. Den smakte forresten fortreffeleg!
Og vekta?
Same som førre veke. 95 kg. 

Ellers har eg skada fingeren min. Ikkje meir dramatisk enn at eg spilte innebandy og fekk knust ei nagl, samt forstua ein finger. Men det er vel sånn ein må rekne med når ein driv med kampsport. 





I løpet av veka har eg sett meg som mål å prøve å grave fram skia eg kjøpte i fjor. 
Dei har stått relativt ubrukt i boden, då det ikkje har vore så mykje som eit snøfnugg å oppdrive i 2014. Men i den siste veka har moder jord gjort et ærlig forsøk på å produsere snø, og det skal eg forsøke å utnytte. 

Snakkes!

Bilde av nye ski (tatt i 2013)
Bilde tatt i dag tidlig. Et tappert forsøk på snø.































tirsdag 11. februar 2014

Resultat veke 6: +++SABOTASJEFORSØK!

For å sitere Pippi Langstrømpe: "tjolahopp tjolahej tjolahoppsan-sa"

 

Eg nevnte sabotasje i innledninga, og det er nettopp det eg har vore utsett for denne veka. 
I posten dukka det nettopp opp nærare ein kg med vingunmmi! 
Smakte fortreffelig, men hensikten var jo sjølvsagt sabotasje. 
Akkurat som i Job's bok (bibelen), så vert eg utsett for prøvelser.
MEN , eg kan melde å ha gått ned ytterligere halvanna kg.... Trur eg. 
I dag viser vekta 95,5 kg. 
Om eg ikkje husker feil så var det den 96,5 sist eg rapporterte. I såfall har eg gått ned ein kg, og ikkje halvanna. 
Uansett: Det er 9 kg siden 1.01.2014
Det trur eg er bra.








onsdag 5. februar 2014

Resultat veke 5

97 kg og like blid.
Eg kan ikkje skryte på meg å ha gått ned noko den siste veka, men samtidig så kan eg jo skryte av at eg ikkje har gått opp noko (!)
Kroppen er framleis i lettare sjokktilstand etter sirkeltreninga på mandag, og eg klarar ikkje å gå i trapper uten å stønne som ein vannbøffel i brunst.


Men bortsett frå det er alt som det skal være.
Eg går framleis dei faste turane, og eg tek framleis 100 situps kvar einaste dag.
Eg har fått kommentarar på at det er lurt å drikke vatn. Eg drikk MYKJE vatn.
Kjører på med Camelback både på jobb, ved senga og når eg trenar (dvs 1 gong). Når eg tenker meg om så skreiv eg jo noko om å drikke vatn i dette innlegget.....

Ellers vil eg anbefale kombinasjonen KVARG og LETTSYLTETØY... Jømmi!



mandag 3. februar 2014

Sirkeltrening


I går var eg med på noko nytt og spennande.
Eg og kona vart nærast truga til å delta på noko som heiter "Sirkeltrening". Det er ein slags form for sjølvtortur der ein først "varmar opp" med å springe rundt i ring.
Så går det over på den kjente kampsorten innebandy. Her er det om å gjøre å komme levande frå det, medan du forsøker å skåre mål med eit slagvåpen og ein ball.

Dei som framleis er på beina etter dette vert sett til å delta i sjølve kremen på kransekaka. Nemleg: Sirkeltreninga.
Når ein skal utføre dette legg ein masse matter, benkar, bukkar, hestar og tjukkasar utover i salen saman med kryptiske bruksanvisningar som ein må følge for å gjennomføre forskjellige aktivitetar på desse.
Dette pågår i ein og ein halv time, og foregår i gymsalen på Skei Skule kvar mandag klokka 19.00



Både eg og kona skal forsøke å møte opp til neste trening også.

Her er ei gramatisk framstilling av pulsen min: