I går var eg med på noko nytt og spennande.
Eg og kona vart nærast truga til å delta på noko som heiter "Sirkeltrening". Det er ein slags form for sjølvtortur der ein først "varmar opp" med å springe rundt i ring.
Så går det over på den kjente kampsorten innebandy. Her er det om å gjøre å komme levande frå det, medan du forsøker å skåre mål med eit slagvåpen og ein ball.
Dei som framleis er på beina etter dette vert sett til å delta i sjølve kremen på kransekaka. Nemleg: Sirkeltreninga.
Når ein skal utføre dette legg ein masse matter, benkar, bukkar, hestar og tjukkasar utover i salen saman med kryptiske bruksanvisningar som ein må følge for å gjennomføre forskjellige aktivitetar på desse.
Dette pågår i ein og ein halv time, og foregår i gymsalen på Skei Skule kvar mandag klokka 19.00
Både eg og kona skal forsøke å møte opp til neste trening også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar