onsdag 19. februar 2014

Resultat veke 7 - Intet nytt under solen

I dag ville eg begynne med å sitere ein rap-låt......






Men så kom eg på at eg er ganske framand i rap og hiphop-landskapet....
Så når eg skulle finne på ein låt eg kunne sitere, så var det første eg kom på "Gangsta’s Paradise" med Coolio. No som eg har lese gjennom teksten på låta, fann eg ut at det ikkje var nokon sitat i den låta eg kunne nytte til å ønske folk velkommen til ein slankeblogg.





Eg kjenner jo sjølvsagt til andre låter som td «Stan» av Eminem, «Walk This Way» med Run DMC og «Hits From The Bong» med Cypress Hill. Heller ikkje desse fekk eg til å passe inn i slankebloggkonseptet mitt. 

Eg la merke til at dei fleste låtene eg ramsa opp over er ganske "old school", som dei seier i hettegensarmiljøet. Dette er sikkert fordi eg har byrja å bli gammal, eller at det rett og slett finns så mykje drit av moderne musikk der ute. Men av og til dukkar det opp eit par låtar som kan være verdt å høyrde. Som td. denne låta frå artisen Atmosphere. 
Ikkje akkurat ein treningslåt, men eg tykte den var fin åkkesom. 


Kva har eg gjort i helga, seier du?

Eg har kosa meg glugg. Eg har spist masse god mat (taco og biff), og smakt på mykje spennande øl eg har laga sjølv. Spennande fordi eg ikkje visste korleis det ville smake. Eg har og gått flotte turar i måneskinnet, og vore på sirkeltrening. Eg skal til og med tilstå at eg spiste chips i helga. Og posen med vingummi er borte vekk. Den smakte forresten fortreffeleg!
Og vekta?
Same som førre veke. 95 kg. 

Ellers har eg skada fingeren min. Ikkje meir dramatisk enn at eg spilte innebandy og fekk knust ei nagl, samt forstua ein finger. Men det er vel sånn ein må rekne med når ein driv med kampsport. 





I løpet av veka har eg sett meg som mål å prøve å grave fram skia eg kjøpte i fjor. 
Dei har stått relativt ubrukt i boden, då det ikkje har vore så mykje som eit snøfnugg å oppdrive i 2014. Men i den siste veka har moder jord gjort et ærlig forsøk på å produsere snø, og det skal eg forsøke å utnytte. 

Snakkes!

Bilde av nye ski (tatt i 2013)
Bilde tatt i dag tidlig. Et tappert forsøk på snø.































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar