Eg kan ikkje skryte på meg å ha gått ned noko den siste veka, men samtidig så kan eg jo skryte av at eg ikkje har gått opp noko (!)
Kroppen er framleis i lettare sjokktilstand etter sirkeltreninga på mandag, og eg klarar ikkje å gå i trapper uten å stønne som ein vannbøffel i brunst.
Eg går framleis dei faste turane, og eg tek framleis 100 situps kvar einaste dag.
Eg har fått kommentarar på at det er lurt å drikke vatn. Eg drikk MYKJE vatn.
Kjører på med Camelback både på jobb, ved senga og når eg trenar (dvs 1 gong). Når eg tenker meg om så skreiv eg jo noko om å drikke vatn i dette innlegget.....
Ellers vil eg anbefale kombinasjonen KVARG og LETTSYLTETØY... Jømmi!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar