Suddelideisen, du!
Ja. Jøss. I dag vart det plutseleg onsdag (uten at eg hadde fått det med meg), så eg gløymte å vege meg i dag. Det beklager eg på det sterkaste, og eg skal love dykk alle her og no at eg skal vege meg på torsdag (i morgon) og legge ut vekta då.
 |
Sumar i Jølster |


Eg er frisk igjen (eg var ikkje det i førre veke), og har vore på mange flotte fjellturar. Både aleine, og saman med kona. Mor mi og svigers har og vore med på tur. Og Jostein Gabriel då, sjølvsagt.
I forgårs oppdaga vi at det hadde begynt å komme ein del blåbær oppe i dalen, så i dag gjekk svigers amok og fekk plukka med seg nok til at vi kunne nyte ferske bær til pannekakemiddagen i dag.
......
Men. Siden dette på sett og vis er ein blogg, og eg stadig vekk får høyre frå folk eg treff rundt omkring i det ganske land at det faktisk er folk som leser bloggen min, så lyt eg vel ta meg kraftig saman og skrive litt i den og. Ikkje berre at bilder av buskas og bær og legge det ut på nettet uten nokon slags form for estetisk plassering....
Vel... Dei siste vekene har eg fått meg sommerjobb. Det kan jo være verdt å nevne, trur eg. Så har eg og Ingrid hatt besøk av mor mi. Det var veldig koselig. Vi var både på terrassen, i Førde og vi gjekk tur på Skei.
Då gjekk vi på tur i lag, og vart overraska av eit voldsomt regnvær. Heldigvis har dei satt opp busskur langs vegen, så vi satt der til regnet ga seg. Forunderlig at dei har sett opp eit busskur der, siden det ikkje går buss på den sida av vatnet.
Dagen etter reiste eg til Oslo på jobb.
Her fekk eg utlevert den nye Lumia 930 frå Nokia som eg skal bli litt bedre kjent med i veka som kjem.
Dette er ein telefon med meget flott skjerm, flott kamera og som kjører Windows 8.1. Siden dette ikkje har NOKO som helst med slankebloggen å gjøre, så skal eg la være å skrive så mykje meir om den... Men om du har lyst å sjå på/trykke på denne så er det berre å stikke innom Bergen Storsenter neste veke og snakke med meg. #Snikreklame.
Ellers har eg jo nevnt at eg har gått på nokre fjellturer, og då er det jo på sin plass å legge inn eit par bilder av desse slik at eg kan snikskryte litt.
 |
Verdens søtaste turkamerat |
 |
Utsikt frå Helgheimsdalen oppover mot Longebotnen |
 |
Panorama av Longebotnen |
 |
Utsikt frå Longebotnen nedover Helgheimsdalen |
 |
Då eg kom ned frå ein lang tur i fjellet tillot eg meg å drikke ein pale ale i badekaret. As you do...
|
Ellers kan eg nevne at eg har vore i Førde og helsa på Andre og Mettê. Eller var det Andrè og Mette. Litt usikker. Uansett så var eg, Ingrid, Tuva, André og Mette på Pikant. Der drakk eg den mest usunne form for kaffe (den med masse is og sjokolade og sånn oppi), og skvaldra om mykje og mangt.
Deretter gikk turen til bruktbutikken, der vi oppdaga mengden med skrot ein kan kjøpe om man berre har tid til å leite etter det. Biletet av cd'ane (og vinylen) vi fann får være det siste eg legg ut i dag. Eg skal jo tross alt stige opp på vekta i morgon og skrive kor mykje eg har gått opp i vekt til alle saman.
Håper ikkje det er så alt for mykje, då eg er klar over at eg i mi rolle som slankebloggar har eit visst ansvar for lesarane mine som har meg som førebilete.