onsdag 24. september 2014

Resultat veke 38 - Sommerfuggel i vinterland

Hi there!



Kjære lesarar. I dag veit eg ikkje vekta mi, men den er sikkert tung. Eg fekk nemleg ikkje rom med badevekt då eg sjekka inn på Clarion Hotel Melkekartongen på Tiller. 
Clarion Hotel Panorama, som det vert kalla på folkemunne
Eg fekk derimot eit rom med eige soverom, 2 bad, eit konferansebord med plass til 8 personer, ei sofagruppe i ei slags tv-stove og ei lita tvstove nede. Alt i alt hadde eg rimelig god tumleplass, men lite badevekt. Det trekk sjølvsagt ned, og kjem til å være noko eg skal ta opp med Choice-kjeden sentralt. 
Så derfor blir det slankeblogg UTEN resultat denne veka. Sikkert like greit, for eg skal innrømme at eg har luska meg innom Burger King på vegen. Huff og uff. Eg har tilbragt store deler av veka bak rattet på ein bil, då eg held på med eit spennande jobbprosjekt i Bergen, Trondheim, Molde, Ålesund, Stavanger og Tromsø for tida. Jajamen. 
Sjøl om det er mykje reising, får ein sjå mykje flott natur på vegen. Og eg får jobbe med det eg trivast aller best med. Så eg klager ikkje. Slankebloggmessig derimot, er det lite innholdsrik informasjon å komme med. Men eg har pakka ned treningsklær, altså. Eg lover. Det er berre det at eg ikkje har fått brukt dei enda. Men det skal eg, altså. Eg lover. 







(Håper eg)

onsdag 17. september 2014

Resultat veke 37 - Sauer på bøen (Og utvikling på vekta!)

KA-POW, som dei seier i Batman!


Gooooood onsdag kjære lesarar! I dag er det nok ein fantastisk vakker dag i Jølster, og eg har stått opp. Platetoppen vår (som har vore i ustand nesten heile veka) er no i stand, og vi kan koke egg til frukost igjen. Det ironiske er at eg ikkje har kokt egg på kjempelenge, men når eg var UTEN muligheten til å gjøre det, så var det noko eg følte eg var nødt å gjøre med ein gong platetoppen kom i form igjen. Så no sit eg har foran pcen og et nybakt brød (som Ingrid lagde i steikeovnen, ikkje på platetoppen) med egg på.
Her har kommunen tenkt å lage gravplass. (http://www.firda.no/nyhende/article7552098.ece)

Den siste veka har eg vore litt i Bergen, men mest heime. Har jobba på Åsane (Ingrid retta dette til "i Åsane), og har forsøkt å få gjort litt hagearbeid heime. Det er heilt utruleg kor lenge det er mulig å utsette hagarbeid. Det er eg eit levande bevis på. Det er SÅ kjedelig å komme i gang, men eigentleg heilt ok når man har klart det. Å komme i gang, altså. 
Så kva har eg gjort, tenker kanskje du? Joda. No skal eg fortelje (og du skal høyre på, som Alf Prøysen sa/sang):
Eg har gravd ned straumkabelen eg gravde opp i fjor. Det tok berre eit år, men no er kabelen under jorda igjen. Det gjorde godt.
Så har eg forsøkt å få vekk alt ugraset som har vokst mellom hellene som min far har plassert utenfor huset. Ein noko seig prosess, der eg har forsøkt meg fram med 3 forskjellige hageredskaper (og teknikker) uten at eg har heilt funne ut kva teknikk som er best. 
Herregud. Eg kom akkurat på at dette er ein slankeblogg, og at dykk kanskje lurte på vekta mi! Veit dykk kva? Hald dykk fast! Den er heile 93 kg! 93 kg, ladies og landstrykarar der ute! Det er ein heil kg ned fra førre veke! Ein heil kg! Eigentleg litt rart, siden eg har ikkje akkurat levd supersunt i det siste. Men for all del. Ein skal ikkje spekulere i denslags, vekta veit vel trass alt kva den gjør når den sender meg slike signaler, vel?
Men for all del. Forrige onsdag rota eg, kona og Jostein Gabriel oss opp i dalen i Førde i Jølster. Eller Førs, som ein plar seie heromkring. Ein bratt tur som gav oss ei flott utsikt til trass. Litt drit at lyset var vanskeleg å fange med eit mobilkamera, men med litt velvilje og god fantasi så trur eg at de vil klare å sjå føre dykk korleis det såg ut. 
Dagen etter fekk vi sauer på bøen (noko som forklarer tittelen på bloggen, eller kva?). Det var ikkje mine sauer. Teknisk sett var det kanskje ein sau, og 20 lam, men det føler eg ikkje er så viktig nemne. Men ja... Det var ikkje mine, men Anja sine sauer. Ho har denslags husdyr. Dei klipper graset. Dei er ganske effektive ser det ut som, sjølv om dei er noko usystematiske. Det er vanskeleg å få ein jevn og fin plen når ein nyttar sau i staden for robotgrasklipper, ser eg. Men bøen/plenen blir i det minste jevnlig gjødsla. Og så slepp ein å lade dei opp. Praktisk. Dessuten produserer dei visstnok både ull og fårikål. Noko som ikkje ein robotgraskløppar kan skryte på seg heller. Så her er det 2-1 til sauene!
I går fekk vi ryddag ein del på tunet heime. Vi har kvitta oss med MYKJE kvist, som Ingrid brente på bøen i solsteiken. Til og med juletreet gjekk opp i røyk (så kom ikkje her og sei at vi ikkje er effektive!). 
Men no skal eg ikkje lenger sitte her inne og slankeblogge. No må eg ut og få gravd fram meir av steinhellene på tunet. I dag skal vi i møte med vegvesenet og høyre meir om kva som skjer med garden vår når dei skal utvide E39...

Dei to husa som visstnok må vekk når vegen skal utvidast. 

Og forresten. Eg smakte på den "nye og spennende" burgeren på Statoil i helga. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, men eg føler at denne videoen illustrerer kva eg tenker.




onsdag 10. september 2014

Resultat veke 36 - Bergen Ølfestival

Pow Pow, Pow!

Det er onsdag, og vekta viser 94 kg. Desse fordømte 94 kg som eg tydeligvis var dømt til å vege i store deler av 2014. Men gjør det noko? Eigentleg ikkje. Eg trur det er komfortvekta mi. I følge BMI-kalkulatoren på melk.no (eg veit... Men det var det som dukka opp då eg googla det) så har eg ein BMI på 26,3. Noko som indikerer at eg overvektig.

Overvektig

Din BMI indikerer at du er overvektig. En sunn kroppsvekt er av stor betydning for å redusere risiko for livsstilssykdommer. Dersom du er en aktiv person som trener mye og har en del muskler kan BMI resultatet være noe misvisende. For å opprettholde en sunn vekt er både kosthold og fysisk aktivitet viktig.

Merkelig. Eg føler meg ikkje overvektig. Men om melk.no hevder at eg er det, så må det jo stemme. Ser ut som om eg må ned på 80-tallet for å få ein BMI som er klassifisert som normal. Ein skulle nesten tru at slike kalkulatorer ikkje tar hensyn til muskelmasse, og går ut i frå at det meste på kroppen består av fett. Ikkje veit eg. Uansett. Overvektig eller ikkje? Eg er da i det minste komfortabel.
(Etter å ha lest heile teksten i den blå ramma ser eg jo at det står at "om ein har muskelmasse ect så kan resultatet være misvisende")

Ellers kan eg melde at eg no byrjar sakte men sikkert å bli frisk igjen. Det er heilt utruleg så lenge denne sjuka skulle henge igjen. Mogleg eg vart sjuk då eg sto søkkvåt på eit jorde omringa av kyr (sjå blogginlegget (Uke 33 og 34 (sånn ca)) om du ikkje husker kva eg meiner. Har begynt å gå turer igjen, men merker at det som burde være ein lett rusletur fort kan bli tungt når pusten er svekka. Og siden eg har holdt meg i ro dei siste vekene, så er det utruleg lett å "havne bakpå" igjen. Uansett. Planen no til høsten er å få meg ein skikkeleg jobb, og deretter så skal eg forsøke å komme meg i skikkeleg form igjen. Og ryktene svirrar om at sirkeltreninga har byrja igjen, så då er det berre å joine det igjen og få opp formen igjen.

Men kva med Bergen Ølfestival, tenker du sikkert? Kvifor var den i emnefeltet på blogginlegget ditt? Eg veit ikkje. Eg tok ingen bilder på festivalen, men eg var der. Eit flott arrangement der folk (og eg) fekk smake på mykje spennande brygg frå dei store (og små) bryggeria i Norge. Eg vandra rundt i timesvis og snakka med alt frå familie til vener. Eg var og i 30-årsdag dagen før. Eit arrangement eg ikkje var sikker på om eg hadde krefter til å være på, grunna sjukdom. Men heldigvis så følte eg meg såpass bra på fredag at eg dukka opp likevel, og det har eg ikkje angra på.
Jannicke feira dagen sin i ein kjellar utan mobildekning. 
Eller har eg jobba litt i forrige veke.
Å være med på å lansere eit nytt produkt er jo alltid spennende. Denne gangen er det lanseringa av Microsoft Surface Pro 3 eg har vore med på. Eit produkt som er veldig 2014, som slår sammen ein bærbar pc med eit nettbrett på ein slik måte at ein faktisk kan bruke det som begge deler.

Men nok om det. No må eg gjøre litt andre ting enn å sitte her og blogge. Eg må jo trass alt forsøke å komme meg i form igjen!


JAja

onsdag 3. september 2014

Resultat veke 35 - Framleis sjuk

Winter is probably here soon. 


Eit litt seint innlegg i dag, men eg skylder på influensaen igjen. Eg er framleis ikkje frisk, og no har det gått ei veke. Det irriterer meg litt. Men det er vel ikkje anna å gjøre enn å la naturen gå sin gang.

Eg har heller ikkje noko morosamt å dele i dag. Bortsett frå at eg gløymde å vege meg i dag tidleg, men at vekta sikkert har gått opp eller er den samme. Eg søv særs lite om natta, så humøret er litt deretter.
Men ja. NESTE VEKE så skal eg jammen være meir positiv, ha meir glød og skrive meir levande! Kanskje eg kan fortelje om alt det spennande som skjer meg i livet då? Kven veit? Ikkje eg. Det skjer ganske mykje for tida, men eg veit ikkje om eg skal dele alt. Det er jo trass alt slankeblogging eg driv med, og ikkje sosialpornografi... Eller kanskje det er det. Uansett så har eg eit hett tips til alle kjendiser der ute. Slutt å ta bilde av deg sjøl naken på badet. Det er stort sett berre vi slankebloggarar som kan gjøre dette uten at det får videre konsekvenser. Ikkje det. Eg pleier å være såpass høflig at eg har bukse på, men likevel... Og så har eg ikkje iCloud heller, uten å rette ein dømmande peikefinger mot Apple.
Men poenget er at om du ikkje vil at nakenbilder av deg sjøl skal lekke ut på internettet, så må du rett og slett slutte å ta dei. Eg trur det er det tryggaste.
Burde kanskje ha skreve dette på engelsk, då dei norske kjendisane lærte dette av Kåre Conradi for nesten ti år siden. Det positive med bilda han tok, var at eg ikkje visste kven han var før desse bilda dukka opp. No veit eg kven Kåre Conradi er. Det er han som tek bilde av penisen sin i speilet med mobilen sin, det.
Mogleg eg rippa opp i nokre gamle sår her no, og at Kåre Conradi oppdagar slankebloggen min og leser at eg baserer heile min oppfatning om fyren kun basert på eit eller to bilder eg fekk tilsendt på jobbmailen for ti år siden. Det var ikkje meininga, Kåre. Unnskyld.

Ellers har eg jobba ein del i Bergen den siste tida. Nokon må gjøre det og. Jobbe i Bergen, that is. Eg har og vore på fleire jobbintervjuer, og eg har måtte ta nokre vanskelege val. Det einaste eg ikkje har gjort denne veka er å slanke meg. Og det er jo litt dumt, når det er ein slankeblogg du sit og les på.