onsdag 24. september 2014

Resultat veke 38 - Sommerfuggel i vinterland

Hi there!



Kjære lesarar. I dag veit eg ikkje vekta mi, men den er sikkert tung. Eg fekk nemleg ikkje rom med badevekt då eg sjekka inn på Clarion Hotel Melkekartongen på Tiller. 
Clarion Hotel Panorama, som det vert kalla på folkemunne
Eg fekk derimot eit rom med eige soverom, 2 bad, eit konferansebord med plass til 8 personer, ei sofagruppe i ei slags tv-stove og ei lita tvstove nede. Alt i alt hadde eg rimelig god tumleplass, men lite badevekt. Det trekk sjølvsagt ned, og kjem til å være noko eg skal ta opp med Choice-kjeden sentralt. 
Så derfor blir det slankeblogg UTEN resultat denne veka. Sikkert like greit, for eg skal innrømme at eg har luska meg innom Burger King på vegen. Huff og uff. Eg har tilbragt store deler av veka bak rattet på ein bil, då eg held på med eit spennande jobbprosjekt i Bergen, Trondheim, Molde, Ålesund, Stavanger og Tromsø for tida. Jajamen. 
Sjøl om det er mykje reising, får ein sjå mykje flott natur på vegen. Og eg får jobbe med det eg trivast aller best med. Så eg klager ikkje. Slankebloggmessig derimot, er det lite innholdsrik informasjon å komme med. Men eg har pakka ned treningsklær, altså. Eg lover. Det er berre det at eg ikkje har fått brukt dei enda. Men det skal eg, altså. Eg lover. 







(Håper eg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar