KA-POW, som dei seier i Batman!
Gooooood onsdag kjære lesarar! I dag er det nok ein fantastisk vakker dag i Jølster, og eg har stått opp. Platetoppen vår (som har vore i ustand nesten heile veka) er no i stand, og vi kan koke egg til frukost igjen. Det ironiske er at eg ikkje har kokt egg på kjempelenge, men når eg var UTEN muligheten til å gjøre det, så var det noko eg følte eg var nødt å gjøre med ein gong platetoppen kom i form igjen. Så no sit eg har foran pcen og et nybakt brød (som Ingrid lagde i steikeovnen, ikkje på platetoppen) med egg på.
![]() |
Her har kommunen tenkt å lage gravplass. (http://www.firda.no/nyhende/article7552098.ece) |
Den siste veka har eg vore litt i Bergen, men mest heime. Har jobba på Åsane (Ingrid retta dette til "i Åsane), og har forsøkt å få gjort litt hagearbeid heime. Det er heilt utruleg kor lenge det er mulig å utsette hagarbeid. Det er eg eit levande bevis på. Det er SÅ kjedelig å komme i gang, men eigentleg heilt ok når man har klart det. Å komme i gang, altså.
Så kva har eg gjort, tenker kanskje du? Joda. No skal eg fortelje (og du skal høyre på, som Alf Prøysen sa/sang):
Eg har gravd ned straumkabelen eg gravde opp i fjor. Det tok berre eit år, men no er kabelen under jorda igjen. Det gjorde godt.
Så har eg forsøkt å få vekk alt ugraset som har vokst mellom hellene som min far har plassert utenfor huset. Ein noko seig prosess, der eg har forsøkt meg fram med 3 forskjellige hageredskaper (og teknikker) uten at eg har heilt funne ut kva teknikk som er best.
Herregud. Eg kom akkurat på at dette er ein slankeblogg, og at dykk kanskje lurte på vekta mi! Veit dykk kva? Hald dykk fast! Den er heile 93 kg! 93 kg, ladies og landstrykarar der ute! Det er ein heil kg ned fra førre veke! Ein heil kg! Eigentleg litt rart, siden eg har ikkje akkurat levd supersunt i det siste. Men for all del. Ein skal ikkje spekulere i denslags, vekta veit vel trass alt kva den gjør når den sender meg slike signaler, vel?
Men for all del. Forrige onsdag rota eg, kona og Jostein Gabriel oss opp i dalen i Førde i Jølster. Eller Førs, som ein plar seie heromkring. Ein bratt tur som gav oss ei flott utsikt til trass. Litt drit at lyset var vanskeleg å fange med eit mobilkamera, men med litt velvilje og god fantasi så trur eg at de vil klare å sjå føre dykk korleis det såg ut.
Dagen etter fekk vi sauer på bøen (noko som forklarer tittelen på bloggen, eller kva?). Det var ikkje mine sauer. Teknisk sett var det kanskje ein sau, og 20 lam, men det føler eg ikkje er så viktig nemne. Men ja... Det var ikkje mine, men Anja sine sauer. Ho har denslags husdyr. Dei klipper graset. Dei er ganske effektive ser det ut som, sjølv om dei er noko usystematiske. Det er vanskeleg å få ein jevn og fin plen når ein nyttar sau i staden for robotgrasklipper, ser eg. Men bøen/plenen blir i det minste jevnlig gjødsla. Og så slepp ein å lade dei opp. Praktisk. Dessuten produserer dei visstnok både ull og fårikål. Noko som ikkje ein robotgraskløppar kan skryte på seg heller. Så her er det 2-1 til sauene!
I går fekk vi ryddag ein del på tunet heime. Vi har kvitta oss med MYKJE kvist, som Ingrid brente på bøen i solsteiken. Til og med juletreet gjekk opp i røyk (så kom ikkje her og sei at vi ikkje er effektive!).
Men no skal eg ikkje lenger sitte her inne og slankeblogge. No må eg ut og få gravd fram meir av steinhellene på tunet. I dag skal vi i møte med vegvesenet og høyre meir om kva som skjer med garden vår når dei skal utvide E39...
![]() |
Dei to husa som visstnok må vekk når vegen skal utvidast. |
Og forresten. Eg smakte på den "nye og spennende" burgeren på Statoil i helga. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, men eg føler at denne videoen illustrerer kva eg tenker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar