Pow Pow, Pow!
Det er onsdag, og vekta viser 94 kg. Desse fordømte 94 kg som eg tydeligvis var dømt til å vege i store deler av 2014. Men gjør det noko? Eigentleg ikkje. Eg trur det er komfortvekta mi. I følge BMI-kalkulatoren på melk.no (eg veit... Men det var det som dukka opp då eg googla det) så har eg ein BMI på 26,3. Noko som indikerer at eg overvektig.Overvektig
Din BMI indikerer at du er overvektig. En sunn kroppsvekt er av stor betydning for å redusere risiko for livsstilssykdommer. Dersom du er en aktiv person som trener mye og har en del muskler kan BMI resultatet være noe misvisende. For å opprettholde en sunn vekt er både kosthold og fysisk aktivitet viktig.
(Etter å ha lest heile teksten i den blå ramma ser eg jo at det står at "om ein har muskelmasse ect så kan resultatet være misvisende")
Ellers kan eg melde at eg no byrjar sakte men sikkert å bli frisk igjen. Det er heilt utruleg så lenge denne sjuka skulle henge igjen. Mogleg eg vart sjuk då eg sto søkkvåt på eit jorde omringa av kyr (sjå blogginlegget (Uke 33 og 34 (sånn ca)) om du ikkje husker kva eg meiner. Har begynt å gå turer igjen, men merker at det som burde være ein lett rusletur fort kan bli tungt når pusten er svekka. Og siden eg har holdt meg i ro dei siste vekene, så er det utruleg lett å "havne bakpå" igjen. Uansett. Planen no til høsten er å få meg ein skikkeleg jobb, og deretter så skal eg forsøke å komme meg i skikkeleg form igjen. Og ryktene svirrar om at sirkeltreninga har byrja igjen, så då er det berre å joine det igjen og få opp formen igjen.
Men kva med Bergen Ølfestival, tenker du sikkert? Kvifor var den i emnefeltet på blogginlegget ditt? Eg veit ikkje. Eg tok ingen bilder på festivalen, men eg var der. Eit flott arrangement der folk (og eg) fekk smake på mykje spennande brygg frå dei store (og små) bryggeria i Norge. Eg vandra rundt i timesvis og snakka med alt frå familie til vener. Eg var og i 30-årsdag dagen før. Eit arrangement eg ikkje var sikker på om eg hadde krefter til å være på, grunna sjukdom. Men heldigvis så følte eg meg såpass bra på fredag at eg dukka opp likevel, og det har eg ikkje angra på.
![]() |
Jannicke feira dagen sin i ein kjellar utan mobildekning. |
Å være med på å lansere eit nytt produkt er jo alltid spennende. Denne gangen er det lanseringa av Microsoft Surface Pro 3 eg har vore med på. Eit produkt som er veldig 2014, som slår sammen ein bærbar pc med eit nettbrett på ein slik måte at ein faktisk kan bruke det som begge deler.
Men nok om det. No må eg gjøre litt andre ting enn å sitte her og blogge. Eg må jo trass alt forsøke å komme meg i form igjen!
JAja
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar