onsdag 3. september 2014

Resultat veke 35 - Framleis sjuk

Winter is probably here soon. 


Eit litt seint innlegg i dag, men eg skylder på influensaen igjen. Eg er framleis ikkje frisk, og no har det gått ei veke. Det irriterer meg litt. Men det er vel ikkje anna å gjøre enn å la naturen gå sin gang.

Eg har heller ikkje noko morosamt å dele i dag. Bortsett frå at eg gløymde å vege meg i dag tidleg, men at vekta sikkert har gått opp eller er den samme. Eg søv særs lite om natta, så humøret er litt deretter.
Men ja. NESTE VEKE så skal eg jammen være meir positiv, ha meir glød og skrive meir levande! Kanskje eg kan fortelje om alt det spennande som skjer meg i livet då? Kven veit? Ikkje eg. Det skjer ganske mykje for tida, men eg veit ikkje om eg skal dele alt. Det er jo trass alt slankeblogging eg driv med, og ikkje sosialpornografi... Eller kanskje det er det. Uansett så har eg eit hett tips til alle kjendiser der ute. Slutt å ta bilde av deg sjøl naken på badet. Det er stort sett berre vi slankebloggarar som kan gjøre dette uten at det får videre konsekvenser. Ikkje det. Eg pleier å være såpass høflig at eg har bukse på, men likevel... Og så har eg ikkje iCloud heller, uten å rette ein dømmande peikefinger mot Apple.
Men poenget er at om du ikkje vil at nakenbilder av deg sjøl skal lekke ut på internettet, så må du rett og slett slutte å ta dei. Eg trur det er det tryggaste.
Burde kanskje ha skreve dette på engelsk, då dei norske kjendisane lærte dette av Kåre Conradi for nesten ti år siden. Det positive med bilda han tok, var at eg ikkje visste kven han var før desse bilda dukka opp. No veit eg kven Kåre Conradi er. Det er han som tek bilde av penisen sin i speilet med mobilen sin, det.
Mogleg eg rippa opp i nokre gamle sår her no, og at Kåre Conradi oppdagar slankebloggen min og leser at eg baserer heile min oppfatning om fyren kun basert på eit eller to bilder eg fekk tilsendt på jobbmailen for ti år siden. Det var ikkje meininga, Kåre. Unnskyld.

Ellers har eg jobba ein del i Bergen den siste tida. Nokon må gjøre det og. Jobbe i Bergen, that is. Eg har og vore på fleire jobbintervjuer, og eg har måtte ta nokre vanskelege val. Det einaste eg ikkje har gjort denne veka er å slanke meg. Og det er jo litt dumt, når det er ein slankeblogg du sit og les på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar